Ekaterini Voggoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ekaterini Voggoli (gresk: Αικατερίνη Βόγγολη) (fødd 30. oktober 1970) er ein gresk tidlegare diskoskastar frå Larisa. Ho vart europameister i øvinga i 2002 og tok bronsen i verdsmeisterskapen 2003. Voggoli er 173 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 89 kg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Voggoli vart gresk diskosmeister i 1989 og 1990. Seinare vann ho ytterlegare fire nasjonale titlar; 1998, 2001, 2003 og 2004. Saman med sin mangeårige konkurrent Anastasia Kelesidou forbetra ho den greske rekorden frå 57 meter til 67 meter. Sidan 2004 har Voggoli den nasjonale rekorden med eit kast på 67,72 meter, to centimeter over den då fem år gamle rekorden til Kelesidou.

Etter å ha teke sølvmedaljen i diskos med 56,10 m under balkanleikane 1993, markerte Voggoli seg då ho vart nummer fem i europameisterskapen 1998 i Budapest med eit kast på 63,56 meter. Året etter enda ho på ellevteplass under friidretts-VM i Sevilla med 61,00 meter. Dermed var ho berre tredje beste grekar i tevlinga; Kelesidou tok sølvet og Styliani Tsikouna vart nummer åtte. Også under Sommar-OL 2000 i Sydney måtte Voggoli finne seg i å vere tredje best av dei greske diskoskollegaene med sin niandeplass og 61,57 meter. Under VM i friidrett 2001 i Edmonton rauk ho ut i kvalifiseringa.

Ved europameisterskapen 2002 i München var det atter ein gong tre greske utøvarar i diskosfinalen for kvinner. Areti Abatzi vart nummer seks, Kelesidou fekk bronsen, medan Voggoli vann gullmedaljen med eit lengstekast på 64,31 meter. Året etter sikra Voggoli seg si andre store medalje under VM i friidrett 2003 i Paris/Saint-Denis. Med eit kast på 66,73 meter vann ho bronsemedaljen bakom kviterussiske Iryna Jatsjanka, 67,32 m, og landskvinna Kelesidou, 67,14 meter. Voggoli avslutta med verte nummer åtte under sommarleikane 2004 i heimlandet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]