El Loco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
El Loco
Studioalbum av ZZ Top
Utgjeve Juli 1981[1]
Innspelt 1981
Sjanger
Lengd 36:53
Selskap Warner Bros.
Produsent Bill Ham
ZZ Top-kronologi
Degüello
(1979)
El Loco Eliminator
(1983)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [2]
Robert ChristgauB+ [3]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[4]

El Loco er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top, gjeve ut i 1981. Tittelen tyder «Den galne» på spansk. Gitaristen og songaren i bandet, Billy Gibbons, har sagt at innspelinga av dette albumet var første gongen dei tre medlemmane i bandet var isolerte frå kvarandre i studio, i staden for at dei spelte inn musikken samstundes i same rommet. Det synte òg framover mot den meir synthesizer-baserte retninga seinare i tiåret, og dei eksperimenterte noko med synthesizer på enkelte spor.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

El Loco vart produsert av Bill Ham og spelt inn og opphavleg miksa av Terry Manning. I motsetnad til fleire av dei tidlegare albuma til ZZ Top, vart ikkje dette albumet miksa på nytt då det kom ut på CD i 1987. Den originale miksen har derfor alltid vore tilgjengeleg.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Billy Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Tube Snake Boogie»   3:03
2. «I Wanna Drive You Home»   4:44
3. «Ten Foot Pole»   4:19
4. «Leila»   3:13
5. «Don't Tease Me»   4:20
Side to
# Tittel Lengd
6. «It's So Hard»   5:12
7. «Pearl Necklace»   4:02
8. «Groovy Little Hippie Pad»   2:40
9. «Heaven, Hell or Houston»   2:32
10. «Party on the Patio»   2:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent – Bill Ham
  • Lydteknikar – Terry Manning
  • Før-produksjon - Linden Hudson
  • Mastering – Bob Ludwig
  • Design – Bob Alford
  • Fotografi – Bob Alford

Salslister[endre | endre wikiteksten]

AlbumBillboard (USA)

År Liste Plassering
1981 Pop Albums 17

SinglesBillboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1981 «Leila» Pop Singles 77
1981 «Pearl Necklace» Mainstream Rock 28
1981 «Tube Snake Boogie» Mainstream Rock 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ZZ Top». Ultimate Music Database. Henta 30. september 2018. 
  2. El LocoAllmusic
  3. Robert Christgau. «ZZ Top». Henta 30. september 2018. 
  4. Cross, Charles R. (2004). «ZZ Top». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 907–8. ISBN 0-7432-0169-8.