Francine av ZZ Top

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francine
Singel av ZZ Top
frå albumet Rio Grande Mud
Utgjeve 1971
Innspelt Brian Studios
Ardent Studios
Memphis, Tennessee
Sjanger Rock
Lengd 3:33
Selskap London
Komponist Kenny Cordray, Billy Gibbons
Låtskrivar(ar) Steve Perron
Ken Cordray[1]
Produsent Bill Ham
ZZ Top-kronologi 
«(Somebody Else Been) Shakin' Your Tree»
(1971)
Francine «La Grange»
(1973)


«Francine» er ein song av det amerikanske rockebandet ZZ Top frå albumet deira Rio Grande Mud, gjeve ut i 1971. «Francine» gav ZZ Top den første hitten deira med ein 69. plass på Billboard-lista. Det var den einaste singelen frå Rio Grande Mud. Dusty Hill spelte òg inn ein spansk versjon av songen, sjølv om det var Gibbons som oftast song songane deira. Det kom ut forskjellige, offisielle ZZ Top-utgjevingar av singelen og nokre av dei vart stava «Francene». Songen var i røynda skriven av Steve Perron og Kenny Cordray, men dei vart ikkje kreditert for dette på mange år.[2][3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BMI entry for song Arkivert 2013-06-28 ved Archive.is BMI, accessed 25. juni 2013
  2. «bio». Kenny Cordray (på engelsk). Henta 30. september 2018. [daud lenkje]
  3. Deborah Frost (1985). ZZ Top - Bad And Worldwide. New York: Rolling Stone Press. ISBN 0020029500.