Eliminator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eliminator
Studioalbum av ZZ Top
Utgjeve 23. mars 1983
Innspelt 1982
Studio Ardent Studios, Memphis, Tennessee
Sjanger
Lengd 44:28
Selskap Warner Bros.
Produsent Bill Ham
ZZ Top-kronologi
El Loco
(1981)
Eliminator Afterburner
(1985)


Singlar frå Eliminator
  1. «Gimme All Your Lovin'»
    Utgjeve: April 1983
  2. «Got Me Under Pressure»
    Utgjeve: Mai 1983
  3. «Sharp Dressed Man»
    Utgjeve: Juli 1983
  4. «TV Dinners»
    Utgjeve: Desember 1983
  5. «Legs»
    Utgjeve: Mai 1984
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]
Robert ChristgauB+[5]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[6]

Eliminator er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top. Det kom ut 23. mars 1983 på Warner Bros. Records. Albumet vart spelt inn i Tennessee i 1982 og var produsert av manageren deira, Bill Ham, og nådde toppen av albumlistene i fleire land. «Gimme All Your Lovin'», «Got Me Under Pressure», «Sharp Dressed Man», «TV Dinners» og «Legs» vart alle gjevne ut på singlar. Albumet selde til diamantplate og er det bestseljande albumet til ZZ Top med over ti millionar selde eksemplar i USA aleine.

Bandet byrja å bruke synthesizer på albumet El Loco i 1981. Inspirert av new wave vart songane på Eliminator spelte inn med synthesizerar, trommemaskin og sequencerar. Albumet vart marknadsført med populære musikkvideoar og videoane for «Gimme All Your Lovin'», «Sharp Dressed Man» og «Legs» vart alle mykje viste på MTV og var med på å gjere bandet populært for ein yngre garde. Albumet er kalla opp etter den spesialbygde Ford coupe-bilen frå 1930-åra som er å sjå på plateomslaget. Denne var òg med i videoane. Bilen er eigd av gitaristen Billy Gibbons. Etter Eliminator kom ut la ZZ Top ut på ein verdsomfattande turné.

Etter suksessen til «Legs», vart Eliminator gjeven ut på ny med den nedkorta singelmiksen i staden for originalversjonen. Singelmiksen vart òg nytta på mange CD-utgåver. CD-ar som vart trykte i Tyskland av Record Service Alsdorf brukte framleis den originale miksen. I 2008 vart Eliminator nymastra og gjeve ut på ny med bonusspor og ein DVD med musikkvideoar og konsertopptak. Den originale versjonen av «Legs» var då attende, medan singelmiksen var med som eit bonusspor.

Albumet vert ofte rekna som det mest populære albumet til ZZ Top og vart av magasinet Rolling Stone rangert på 398. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[7] og vart oppført som det 39. beste albumet i 1980-åra. I 2005 vart Eliminator oppført i boka til magasinet Rock Hard, The 500 Greatest Rock & Metal Albums of All Time.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Billy Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Gimme All Your Lovin'»   3:59
2. «Got Me Under Pressure»   4:00
3. «Sharp Dressed Man»   4:13
4. «I Need You Tonight»   6:14
5. «I Got the Six»   2:52
Side to
# Tittel Lengd
6. «Legs»   4:35
7. «Thug»   4:17
8. «TV Dinners»   3:50
9. «Dirty Dog»   4:05
10. «If I Could Only Flag Her Down»   3:40
11. «Bad Girl»   3:16

Collector's Edition[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
12. «Legs» (Single Mix) 3:33
13. «Gimme All Your Lovin» (Live) 4:46
14. «Sharp Dressed Man» (Live) 4:47
15. «I Got the Six» (Live) 3:05
16. «TV Dinners» (Live) 4:11
17. «Got Me Under Pressure» (Live) 4:04
18. «Legs» (Dance Mix) 7:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

ZZ Top

Produksjon

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983–85) Plassering
Den australske albumlista[12] 2
Austerrikske album (Ö3 Austria) 4
Nederlandske album (MegaCharts)[13] 4
Tyske album (Media Control)[14] 25
Svenske album (Sverigetopplistan)[15] 13
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[16] 11
Norske album (VG-lista)[17] 13
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[18] 4
Britiske album (OCC)[19] 3
US Billboard 200[20] 9
Liste (1987) Plassering
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[18] 11

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983) Plassering
US Billboard 200[21] 65
Liste (1984) Plassering
Den australske albumlista[22] 20

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singlar - Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1983 «Gimme All Your Lovin» Mainstream Rock 2
1983 «Gimme All Your Lovin» The Billboard Hot 100 37
1983 «Got Me Under Pressure» Mainstream Rock 18
1983 «Sharp Dressed Man» Mainstream Rock 8
1983 «Sharp Dressed Man» The Billboard Hot 100 56
1983 «TV Dinners» Mainstream Rock 38
1984 «Legs» Hot Dance Music/Club Play 13
1984 «Legs» The Billboard Hot 100 8
1984 «Legs» Mainstream Rock 3

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[23] 4× Platina 280 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[24] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[25] Diamant 1 000 000^
Finland (Musiikkituottajat)[26] Platina 71,121[26]
Frankrike (SNEP)[27] 2× Platina 672,600[28]
Tyskland (BVMI)[29] 3× Gull 750 000^
Storbritannia (BPI)[30] 4× Platina 1 200 000^
USA (RIAA)[31] Diamant 10 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Eliminator - ZZ Top | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 29. september 2018. 
  2. Prown, Pete; Newquist, HP (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarists. Hal Leonard Corporation. s. 91. ISBN 9780793540426. 
  3. 3,0 3,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Allmusic review». Henta 1. oktober 2018. 
  4. «ZZ Top». 
  5. «Consumer Guide Reviews: Eliminator». Robert Christgau. Henta 1. oktober 2018. 
  6. Cross, Charles R. (2004). «ZZ Top». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 907–8. ISBN 0-7432-0169-8. 
  7. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 1. oktober 2018. 
  8. [...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 105. ISBN 3-89880-517-4. 
  9. ^ Blayney, David (1994). Sharp Dressed Men. New York: Hyperion. pp. 196–203. ISBN 0-7868-8005-8.
  10. ^ Deborah Frost (1985). ZZ Top - Bad And Worldwide. New York: Rolling Stone Press. ISBN 0020029500.
  11. David Sinclair (1986). Tres Hombres: The Story of ZZ Top. 95 pages. Virgin Books, 1986, ISBN 0-86369-167-6.
  12. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  13. "ZZ Top – Eliminator". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
  14. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 1. oktober 2018.
  15. "ZZ Top – Eliminator". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
  16. "ZZ Top – Eliminator". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
  17. "ZZ Top – Eliminator". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
  18. 18,0 18,1 "ZZ Top – Eliminator". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
  19. "ZZ Top | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 1. oktober 2018.
  20. Mal:BillboardID/Z/Mal:BillboardEncode/Z/chart?f=305 "ZZ Top Album & Song Chart History" Billboard 200 for ZZ Top. Prometheus Global Media. Henta 1. oktober 2018.
  21. «ZZ Top – Billboard 200 Albums (Year end)». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 1. oktober 2018. 
  22. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – 1984». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 3. mars 2017. 
  23. «ARIA Charts – Accreditations – 2000 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  24. «Austrian album salstrofé – ZZ Top – Eliminator» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter ZZ Top in the field Interpret. Enter Eliminator in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  25. «Canadian album salstrofé – ZZ Top – Eliminator». Music Canada. 
  26. 26,0 26,1 The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  27. «French album salstrofé – ZZ Top – Eliminator» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  28. «Les Albums Double Platine :» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 27. oktober 2013. Henta 1. oktober 2018. 
  29. «Gold-/Platin-Datenbank (ZZ Top; 'Eliminator')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  30. «British album salstrofé – ZZ Top – Eliminator». British Phonographic Industry.  Enter Eliminator in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  31. «American album salstrofé – ZZ Top – Eliminator». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH