La Grange av ZZ Top

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Grange
Singel av ZZ Top
frå albumet Tres Hombres
B-side

Just Got Paid

Språk engelsk
Utgjeve 1973
Studio Brian & Ardent, Memphis, Tennessee
Sjanger
Lengd 3:51
Selskap London
Komponist Frank Beard, Dusty Hill, Billy Gibbons
Tekstforfattar Frank Beard, Dusty Hill, Billy Gibbons
Låtskrivar(ar)
Produsent Bill Ham
ZZ Top-kronologi 
«Waitin' for the Bus»
(1973)
La Grange «Tush»
(1975)


«La Grange» er ein song av den amerikanske rockegruppa ZZ Top, frå albumet Tres Hombres frå 1973. Det var ein av dei mest suksessrike songane til ZZ Top då han kom ut på singel i 1973 og vart mykje spelt på radio. Han nådde 41. plassen på Billboard Hot 100 i 1974. Songen syner til eit bordell i utkanten av La Grange i Texas (seinare kalla «Chicken Ranch»). Bordellet har vore tema i ein Broadway-musikal og filmen The Best Little Whorehouse in Texas med Dolly Parton og Burt Reynolds.

Den første gongen ZZ Top spelte songen i La Grange i Texas var under Fayette County Fair den 5. september 2015.[3]

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

I mars 2005 rangerte magasinet Q «La Grange» på 92. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsongane.[4] Songen vart òg rangert på 74. plassen på ei tilsvarande liste av Rolling Stone. Rolling Stone kalla songen «...ein standard for gitaristar som vil syne kva dei er god for.»[5]

Den første rytmen i songen er basert på ein tradisjonell boogie bluesrytme nytta av John Lee Hooker i «Boogie Chillen'» og av Slim Harpo i «Shake Your Hips». Eit mislukka søksmål av innehavaren av opphavsretten til «Boogie Chillen'» enda med at retten avsa kjennelsen om at rytmen var i offentleg eige.[6] Linja «a-how-how-how-how» er sitert frå John Lee Hooker-songen «Boom Boom».

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australia (Go-Set National Top 40)[7] 15
Australia (Kent Music Report)[8] 21
Canada Top Singles (RPM)[9] 34
Frankrike (IFOP)[10] 58
US Billboard Hot 100[11] 41
US Cash Box[12] 24
US Record World[13] 33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gundersen, Edna (21. desember 2013). «Catalog box sets sum up Beatles, Dylan, Eagles, Ramones». USA Today. Henta 30. september 2018. 
  2. Wood, Mikael (5. juni 2014). «CMT Awards: ZZ Top, Jason Derulo, Florida Georgia Line go all in». Los Angeles Times. Henta 30. september 2018. 
  3. «ZZ Top Setlist at Fayette County Fairgrounds, La Grange, TX, USA». Setlist.fm. 5. september 2015. Henta 30. september 2018. 
  4. «Q Magazine – 100 Greatest Guitar Tracks Ever!». Q magazine. Rocklist.net. March 2005. Henta 27. september 2018. 
  5. «100 Greatest Guitar Songs of All Time». Arkivert frå originalen 31. mai 2008. . Rolling Stone.
  6. «La Grange by ZZ Top». Songfacts. Henta 27. september 2018. 
  7. «Go-Set Australian charts – 13. juli 1974». Go-Set. Poparchives.com.au. cf. last week position. Arkivert frå originalen 13. mai 2013. Henta 30. september 2018. 
  8. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – CHART POSITIONS PRE 1989». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 27. september 2018. 
  9. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 30. september 2018.
  10. «Les Tubes de chaque Artiste commençant par Z». InfoDisc (på fransk). Select «ZZ Top» from the artist drop-down menu. Henta 30. september 2018. 
  11. «Tres Hombres – Awards». AllMusic. Henta 30. september 2018. 
  12. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending JULY 13, 1974». Cash Box. Arkivert frå originalen 3. oktober 2012. 
  13. «The Singles Chart» (PDF). Record World: 25. 13. juli 1974. ISSN 0034-1622. Henta 30. september 2018.