Tres Hombres
Tres Hombres Studioalbum av ZZ Top | ||
Utgjeve | 26. juli 1973 | |
Studio | Brian Studios & Ardent Studios i Memphis i Tennessee | |
Sjanger | ||
Lengd | 33:32 | |
Selskap | London | |
Produsent | Bill Ham | |
ZZ Top-kronologi | ||
---|---|---|
Rio Grande Mud (1972) |
Tres Hombres | Fandango! (1975)
|
Singlar frå Tres Hombres | ||
|
Tres Hombres (spansk for «tre menn») er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top. Det kom ut i juli 1973. Det var første gongen bandet arbeidde med Terry Manning som lydteknikar. Denne kombinasjonen vart ein suksess og albumet vart gjennombrotet for bandet. I USA gjekk albumet inn på topp 10, medan singelen «La Grange» nådde 41. plassen på singellista.
Remiksa versjon[endre | endre wikiteksten]
Då ZZ Top var på sitt mest populære i midten av 1980-åra, vart ein digital, remiksa versjon av innspelinga gjeven ut på CD, og den originale miksen frå 1973 vart ikkje lenger gjeven ut. Denne remiksa versjonen skapte kontroversar blant fansen, fordi han i stor grad endra lyden på instrumenta, særleg trommene. Den remiksa versjonen vart nytta på alle tidlege CD-eksemplar og var den einaste tilgjengelege versjonen i over 20 år. Ei nymastra og utvida utgåve av albumet kom ut 28. februar 2006, med tre konsertopptak som bonusspor. Dette var den første CD-utgåva med den originale miksen frå 1973. Seinare utgjevinga på digitale plattformer som iTunes har òg nytta den originale miksen.
Mottaking[endre | endre wikiteksten]
Albumet kom ut i juli 1973 til lunken mottaking. Steve Apple skreiv i september 1973 for Rolling Stone at sjølv om «Southern rock & roll » var blitt populær, var ZZ Top berre «eitt av fleire kompetente Southern rock-band», men dei hadde ein «fordel over dei fleste kvite rockeartistane» fordi dei høyrdest «svarte ut».[1]
Ettermæle[endre | endre wikiteksten]
I 2003 vart albumet rangert på 498. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[2] I 2012 vart albumet rangert på 490. plassen på ei revidert liste. Albumet nådde åttandeplassen på Billboard 200.
Singlar[endre | endre wikiteksten]
Den einaste singelen frå albumet var «La Grange» (med «Just Got Paid» frå det andre albumet til bandet, Rio Grande Mud) som nådde 41. plassen på Billboard Hot 100.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Waitin' for the Bus» | Billy Gibbons, Dusty Hill | 2:59 |
2. | «Jesus Just Left Chicago» | Gibbons, Hill, Frank Beard | 3:30 |
3. | «Beer Drinkers & Hell Raisers» | Gibbons, Hill, Beard | 3:23 |
4. | «Master of Sparks» | Gibbons | 3:33 |
5. | «Hot, Blue and Righteous» | Gibbons | 3:14 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Move Me on Down the Line» | Gibbons, Hill | 2:32 |
7. | «Precious and Grace» | Gibbons, Hill, Beard | 3:09 |
8. | «La Grange» | Gibbons, Hill, Beard | 3:52 |
9. | «Shiek» | Gibbons, Hill | 4:05 |
10. | «Have You Heard?» | Gibbons, Hill | 3:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Waitin' for the Bus» (live) | Gibbons, Hill | 2:42 |
12. | «Jesus Just Left Chicago» (live) | Gibbons, Hill, Beard | 4:03 |
13. | «La Grange» (live) | Gibbons, Hill, Beard | 4:44 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Billy Gibbons – gitar, vokal
- Dusty Hill – bassgitar, korvokal, andre solovokal på «Beer Drinkers and Hell Raisers»
- Frank Beard – trommer, perkusjon
Produksjon[endre | endre wikiteksten]
- Bill Ham – produsent
- Robin Brian – lydteknikar (Brian Studios)
- Terry Manning – lydteknikar, miksing, redigering (Ardent Studios)
- Bill Narum – design av plateomslag
- Galen Scott – fotografi
Salslister[endre | endre wikiteksten]
Album[endre | endre wikiteksten]
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1974 | Billboard Pop Albums | 8 |
Singlar[endre | endre wikiteksten]
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1974 | «La Grange» | Billboard Pop Singles | 41 (Also debuted #33 on American Top 40. juni 29, 1974) |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tres Hombres» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1] Arkivert 2. oktober 2007 ved Wayback Machine.
- ↑ «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 30. september 2018.
491: Born Under a Bad Sign Albert King |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 490 Tres Hombres Zz Top |
489: Destroyer Kiss |