Eldstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eldstad i Virginia.

Eldstad er ei innretning der ein kan gjera opp kontrollert eld til oppvarming, matlaging, belysning og anna, t.d. husflid- og handverksproduksjon. Historia til eldstaden er sentral i utviklinga av det moderne bustadhuset.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eldstader kan delast inn etter om dei er opne eller lukka, og om dei har skorstein eller ikkje, dessutan om dei er innretta til spesielle føremål som matlaging eller anna.

Opne eldstader er konstruerte slik at elden varmar direkte ved stråling. Åra er den universelle opne eldstaden i eit hus utan skorstein, til oppvarming, matlaging og som lyskjelde. Peis (i kjøkken ofte kalla grue) er òg ein open eldstad, men dette er tilkopla skorstein eller røykpipe.

Røykomn, jernomn og kakkelomn er døme på omnar, eller lukka eldstader.

Frå åre og røykomn blir røyken sloppen ut i rommet, og hus med slike eldstader blir kalla røykstover, eventuelt årestove og røykomnstove. Peis, jernomn og kakkelomn er kopla til ein skorstein, slik at røyken får avtrekk gjennom den. Skorsteinen gjorde det mogleg å byggja hus i fleire etasjar.

I varmeteknologisk samanheng kan ein eldstad karakteriserast etter i kva for ein grad brenselet blir utnytta effektivt.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

«Liv paa Sæteren», reproduksjon etter eit måleri av Adolph Tidemand til Norske Folkelivsbilleder utgjeve 1854, viser budeie ved grua i ei lita seterstove. Den opne eldstaden er oppmurt i hjørnet av rommet, truleg med pipeløp, i motsetnad til årestover og røykomnstur frå tidlegare tider der røyken frå elden slapp ut gjennom ein ljore-opning i taket.
Kjelde: Nasjonalbiblioteket
«Det Indre af en Lappehytte i Finnmarken» frå Norge fremstillet i Teikningar frå 1848 viser søndagskledte samar i ei årestue med open eldstad og ljore i taket.

I Noreg var åra fram til slutten av mellomalderen så godt som einerådande som eldstad. Røykomnen fekk utbreiing på Vestlandet, særleg i fjordbygdene, medan peisen fekk innpass på Austlandet og i Trøndelag. Langs kysten på Vestlandet og i Nord-Noreg heldt dei lenge på åra, men gjekk tidleg over til jernomnar. Jernomnane fekk på 1800- og 1900-talet innpass over alt. Dette utbreiingsmønsteret for eldstadtyper kan forklarast dels gjennom tilgang på brensel og brenseltypar, dels gjennom transporttilhøve. |}

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]