Peis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peis i stova frå plassen Dekko i Torpo i Hallingdal, no kyrkjestugu ved Torpo stavkyrkje. Til pipeløpet er det òg montert ein støypejarnsomn.
Interiør frå Slottet i Oslo, fotografert av Anders B. Wilse i 1926. Rommet har eldstad i murstein med same funksjon som ein kakkelomn eller peis med dører og gnistfangarskjerm.

Ein peis (av lågtysk pisel) er ein mura, open eldstad med røykfang,[1] vanlegvis oppført i stein eller tegl og plassert innandørs.

Peisen avløyste åra som eldstad i stovene på Austlandet og i Trøndelag i 1600- og 1700-åra. I ei årestove var åra eit ope bål midt på golvet, og eit hol i taket, ljoren, slapp røyken ut og lyset inn. Peisestovene fekk skorstein til over tak, og på grunn av steinen i sjølve peisen blei mykje av varmen magasinert. I peisestovene låg peisen oftast i eit hjørne, og han tente både til matlaging, som varmekjelde og som lyskjelde. Då stover fekk peis i staden for åre blei ljoren i taket stengd for å hindra uønska varmetap. Dette medførte at denne lyskjelda forsvann, og stovene måtte få lys frå vindauge i veggane.

I løpet av 1800-åra blei peisen avløyst av jarnomnen til oppvarming, og av komfyren til matlaging.

Kring 1900 blei det moderne å skaffa peis for hygge, først i hyttene til byfolk på landet, seinare òg i stoverom i bymiljø. Moderne peisar kan plasserast både i eit hjørne eller som båspeis på ein flat vegg. Ofte blir eldstaden og pipekonstruksjonen lagt inne i og bak veggen (eller utanfor huset om det er ein yttervegg). Ein vanleg type peis har ein innsats av støypejarn og er omgjeven av luftekanalar som trekkjer kald luft inn gjennom ventilar nede ved golvet og slepp oppvarma luft ut øvst.

I seinare tid er det òg laga utepeisar, som ein kan bruka er til hyggebrenning på terrassar og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «peis» i Nynorskordboka.