Elias Berdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elias Petersson Berdal (fødd 1. februar 1883 i Tafjord, død 10. mai 1971 i Oslo) var ein norsk forsikringsdirektør, lærar og målmann. Berdal var direktør i Forsikringsselskapet Andvake frå 1919 til 1954, og gjorde ein stor innsats for samfunn og målsak.[1]

Berdal voks opp i Tafjord på Sunnmøre som den eldste i ein barneflokk på sytten. Berdal tok mellomskule på Voss medan foreldra budde i Tysnes, og examen artium i Bergen i 1902. Seinare gjekk han på Krigsskulen før han tok andreeksamen i dåverande Kristiania i 1904 og eksamen ved Elverum lærarskule 1905. Berdal vart så lærar, fyrst ved framhaldsskulen i Alvdal og sidan på Lillehammer. Her vart han forsikringsagent for Andvake i Gudbrandsdalen til laget gjekk inn i 1915. Då laget starta opp att i 1917 byrja Berdal som underdirektør, før han i 1919 steig opp til direktør.[1] Berdal vart sitjande i denne stillinga fram til 1954, og i direktørperioden hans synte rekneskapen overskot kvart einaste år.[2]

Andvake voks seg stort ved å spara, godt hjelpt av den kostnadsmedvitne drifta Berdal stod for. Midt på 1950-talet hadde Andvake ein trygdesum på om lag 150 mill. kr. Ti år seinare hadde denne vokse til 370 mill. kr.[3] I 1920 fekk han skipa eit avdelingskontor på Island under leiing av Helgi Valtýsson. Andvake nytta berre nynorsk i Noreg, og nytta norske seiemåtar og nemningar som seinare har kome i vanleg norsk bruk.[2] Grunna denne innsatsen vart ord som «søknad» for «andragelse» eller «ansøkning» vanleg også på bokmål.[3]

Ved sidan av arbeidet i Andvake var Berdal aktiv i målrørsla. Han var i fleire år medlem av styret til Noregs Mållag, og sat 15 år i styret til Det Norske Teatret (tri av dei som formann). Frå 1923-1965 var han formann i styret for Hulda Garborgs stipendfond, og var medlem av Norsk Måldyrkingslag frå 1937. Han var elles ein aktiv instruktør og formann i både turn- og skyttarlag.[3] Frå 1939 var Berdal direksjonsmedlem i Noregs Bank, men fekk i 1942 sparken til føremon for Fritz Jenssen, den nazistiske ordføraren i Oslo.[4]

For sitt langvarige samarbeid med Island vart Berdal utnemnd til Riddar av Islands falk.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grepstad, O. (1999). Berdal, Elias. I Norsk biografisk leksikon (Bind 1 : Abel-Bruusgaard, s. 242-43). Oslo: Kunnskapsforlaget.
  • Kleiva, I. (1976). Berdal, Elias. I I. Kleiva (Red.), Norddal bygdebøker. band 4: Grunn og gror: kultursoge (s. 377-78). Norddal: Norddal sogenemnd.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Grepstad O. (1999), s. 242.
  2. 2,0 2,1 Kleiva, I. (1976), s. 377.
  3. 3,0 3,1 3,2 Grepstad O. (1999), s. 243.
  4. Kleiva, I. (1976), s. 378
  5. Grepstad, Ottar: Elias Berdal i Store norske leksikon på snl.no. Henta 4. september 2020 frå https://snl.no/Elias_Berdal