Elisa Rigaudo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elisa-Rigaudo

Elisa Rigaudo (fødd 17. juni 1980) er ein italiensk tidlegare kappgjengar frå Cuneo som vann bronsen på 20 km både ved EM 2006 og OL 2008.

Tiåret 2004-13 var Rigaudo ein av dei beste kvinnelege kappgjengarane i verda. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten gjekk ho inn til sjetteplass. I august 2006 vann ho bronsemedaljen ved europameisterskapen i Göteborg, fattige to sekundar bakom sølvmedaljøren Olga Kaniskina frå Russland. To år seinare vann Rigaudo ein ny bronsemedalje under Sommar-OL 2008 i Beijing. I seinare meisterskap vart ho som best nummer 4 i VM 2011 og nr 5 i VM 2013.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]