Hopp til innhald

Elista

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elista
Элиста
by
Offentleg sjakk i sentrum av byen.
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kalmykia
Høgd 120 m
Areal 208 km²
Folketal 104 082 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1865
   Bystatus 1930
Postnummer 3580xx
Retningsnummer (+7) 84722
Kart
Elista
46°19′00″N 44°16′00″E / 46.316666666667°N 44.266666666667°E / 46.316666666667; 44.266666666667
Wikimedia Commons: Elista

Elista (russisk Элиста́, kalmykisk Элст, Elst) er hovudstad i Republikken Kalmykia i Russland med om lag 105 000 innbyggjarar. Han ligg 1200 km sør-søraust for Moskva.

Byen er kjent som eit særs viktig sentrum innan sjakk. Store turneringar har vorte halde her.

Elista vart grunnlagt i 1865 som ein mindre busetnad. I november 1920 vart Elista administrativt senter for Den kalmykiske autonome oblast. Innan tidleg på 1930-talet var Elista forandra til ein liten by sidan kollektiviseringspolitikken til Josef Stalin tvinga mange kalmykar til å gje opp den tradisjonelle nomadiske livsstilen sin til fordel for ein fastbuande og urban livsstil. I oktober 1935 vart Elista utnemnd som hovudstad i Den kalmykiske ASSR.

27. desember 1943, vart Den kalmykiske ASSR oppløyst og dei etniske kalmykane i republikken vart tvangsdeportert til Sibir. Russarar vart frakta til Elista for å folkesetje byen på ny og namnet vart endra til Stepnoj (russisk: Степно́й). Byen heitte Stepnoj til 1957, då dei overlevande etter deportasjonane fekk løyve til å kome tilbake frå eksil.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Etter 1991 har byen vore karakterisert av det sakte forfallet til sovjet-bygde institusjonar og dei store byggeprosjektene sett i gang av millionær-presidenten Kirsan Iljumzjinov.

Bysentrumet har mange renoverte offentlege parkar sentrert rundt hovudtorget, med statuar av både Lenin og Buddha. Aust for byen ligg «Olympialandsbyen» frå den 33. sjakkolympiaden i 1998, lokalt kjent som «Sjakkbyen». Staden har mellom anna eit museum av kalmykisk buddhistisk kunst og han vert stundom nytta som konferansesenter.

Under vitjinga si i 1998, valde Dalai Lama ein stad vest for bysenteret for bygginga av eit nytt buddhisttempel for innbyggjarane. Det vart opna i desember 2005.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Byen fungerer som forvaltings-, utdannings- og handelssentrum. Industrielt er berre næringsmiddelhandsaming viktig.

Elista har ei mindre regional lufthamn, med ruter til Moskva og byar sør i Russland.

Det går jernbanelinje frå Elista sørover til Stavropol og vegsamband til Volgograd og Astrakhan.

Fotogalleri

[endre | endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Elista