Elling Mathias Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elling Mathias Holst (22. november 178526. februar 1852) var ein kjøpmann og stortingsmann frå Drammen. Han var gift med ei halvsyster til eidsvollsmannen Carl Dahl.

Holst var fødd på Bragernes, der faren dreiv handel. Etter merkantil utdanning på Snowden institute i Hull, var han 1805-10 tilsett på kontoret til kjøpmann Jan Anker i Fredrikshald. Under krigen mot Sverige i 1808-09 gjekk han inn i militæravdelinga «Prins Christian August frivillige jægere» og var kaptein og sjef for avdelinga. I 1810 slo han seg ned i Bragernes der han var kjøpmann til han døydde. Han var i mange år forlikskommissær.

Holst var stortingsmann 1821 og 1822, på ny i 1827 og 1828 og endå ein gong i 1833. Også til Stortinget 1824 vart han vald til tingmann, men det valet vart forkasta. Han var i 1821 medlem i sju komitear, mellom dei Gasje-, pensjons- og konsumpsjonskomiteen, Komiteen om handelsmanns-rettar, Komiteen om korntollen og Komiteen om toll- og konsumpsjonvesenet. I 1827 var han medlem i Tollkomiteen, medan han på Omframtstortinget 1828 var med i Komiteen om vernepliktslova. På Stortinget 1833 var medlem av Lagtinget og Justiskomiteen.

Holst døydde i Drammen vinteren 1852, 66 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]