Carl Dahl
Hopp til navigering
Hopp til søk
Carl Dahl | |
Måleri av P. Meidell tilhøyrer Eidsvoll 1814.
| |
Fødd | 21. august 1769 |
---|---|
Død | 3. juni 1819 (49 år) Fredrikshald |
Parti | Fri/Ukjend |
Yrke | Sorenskrivar |
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll |
- valkrins | Fredrikshald |
Carl Adolph Dahl (21. august 1769–3. juni 1819) var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Carl Theodor Dahl var sonen hans.
Dahl var frå Sokndal i Rogaland. Han vart eksaminert jurist i 1791, deretter sorenskrivarfullmektig i Idd og Marker. År 1797 viserådmann i Fredrikshald, 1798-1804 byfut og byskrivar i Tønsberg. Frå 1803 var han byfut og auksjonforvaltar i Fredrikshald, samt sorenskrivar i Idd og Marker. I 1810 vart han i tillegg by- og rådstuskrivar i Fredrikshald.
Dahl var utsending frå Fredrikshald til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han var innvald til Stortinget 1818, men grunna sjukdom møtte han ikkje. Han døydde i Fredrikshald.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K side 181, digital utgåve
- Carl Adolph Dahl frå Eidsvoll 1814
- Biografisk informasjon om Carl Dahl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv