Enoch Sontonga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Enoch Sontonga
EnochSontonga.jpg
Fødd1873
FødestadUitenhage
Død18. april 1905
DødsstadJohannesburg
FødenamnEnoch Mankayi Sontonga
OpphavSør-Afrika
Verka somlyrikar, komponist, låtskrivar

Enoch Mankayi Sontonga (kring 187318. april 1905) var ein sørafrikansk lærr som komponerte «Nkosi Sikelel' iAfrika» ('Gud signe Afrika'), som siden 1994 har vore nasjonalsong i Sør-Afrika. Som «Mungu ibariki Afrika» er han også nasjonalsong i Tanzania og som «Stand and Sing of Zambia, Proud and Free» i Zambia. Songen var ein utbreidd opprørssong i Sør-Afrika, Zimbabwe og Namibia i tida med kvit fåmannsstyre. Han var den offisielle songen til ANC frå 1925.

Sontonga var xhosa og vart fødd i Sointinga i Uitenhage i Kapp-provinsen. Han utdanna seg som lærar ved Lovedale Institution. Deretter var han lærar og korliar ved den metodistiske misjonsskulen i Nancefield nær Johannesburg i åtte år.[1]

Sontinga skreiv første verset og omkvedet til «Nkosi Sikelel' Afrika» i 1897, opphavleg som ein skulesong.[1] Den første offentlege framføringa av songen fann stad i 1899. Seinare skreiv Samuel Mqhayi endå sju vers.

Enoch Sontonga døydde av ein mage-tarm-infeksjon.

24. september 1996 blei Sontonga si grav erklært som ein nansjonal minnestad. Eit gravminne blei avduka her av president Nelson Mandela. Ved same seremonien blei Sontonga tildelt South African Order of Meritorious Service (Gold) posthumt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Enoch Mankayti Sontonga, SAHistory.org.za, henta juli 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]