Eremittsnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eremittsnipe
Eremittsnipe Foto: Len Blumin
Eremittsnipe
Foto: Len Blumin
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Eremittsnipe
Utbreiinga av Eremittsnipe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Eremittsnipe T. solitaria
Vitskapleg namn
Tringa solitaria

Eremittsnipe (Tringa solitaria) er ein liten fugl i snipefamilien som hekkar tvers over Nord-Amerika nord for USA, og elles lever i Amerika grovt rekna sør for USA.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne arten måler 18-21 centimeter, med eit vengespenn på opptil 59 cm og ein kroppsmasse på 31-69 gram.[1] Eremittsnipa framstår som ei kort og stump Tringa-snipe, ho har mørk brun rygg, lysegrått hovud og bryst med tette, brune spragler og elles kvit underside. I flukt kan ein observere mørk underside av vengene samt mørk overgump. Ikkje-hekkedrakta syner meir gråleg hovud, nakke og overside.

Denne snipa har eit svært vidtrekkande utbreiingsområde som dekker det meste av Alaska, Yukon og vestlegaste Nordvestterritoria, nordlege og vestlege Britisk Columbia og tvers over provinsane i Canada, sørom Hudsonbukta, til Labrador. Overvintringsområdet er Sentral- og Sør-Amerika, spesielt i Amazonas-bassenget, og i Karibia. Han er ein veldig sjeldan streiffugl til Vest-Europa.[2] Ein kjend observasjon i Noreg er gjord ved Longyearbyen, Spitsbergen i 2010.[3]

Eremittsnipa er ingen sosial art, ho blir vanlegvis sett åleine under trekket, men nokre gonger i små grupper samla i eigna beiteområde. Ho er i stor grad knytt til ferskvatn, og er ofte funne i område sjeldan nytta av andre vadarar. Dette inkluderer isolerte grøfter og små vassdammar, ofte nær menneske. I hekketida òg opne område med spreidde tre.

Eremittsnipa legg mest vanleg 4 (3-5) egg i reir gjort av sporvefuglartar oppe i eit tre, til dømes eit gamalt trastreir. Ungane må finne føda sjølv og må hoppe ned på bakken kort tid etter klekking.

Føda er små virvellause dyr, som grashopper, vasslevande insekt, larvar, og nokre gonger små froskar som fuglen søkjer fram og plukkar i gjørma på vandringa langs vasskanten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Solitary Sandpiper (Tringa solitaria) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 15. juli 2016
  2. Solitary Sandpiper Audubon Guide to North American Birds, henta 15. juli 2016
  3. Søk på artsobservasjoner.no den 15. juli 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eremittsnipe