Eric Weissberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eric Weissberg
Fødd16. august 1939 (80 år)
FødestadNew York by
OpphavUSA
Aktiv1958 til i dag
SjangerCountry, bluegrass
InstrumentBanjo, steelgitar
PlateselskapElektra, Warner Bros.

Eric Weissberg (fødd 16. august 1939) er ein amerikansk banjogitarist og multi-instrumentalist, mest kjend for å ha spelt «Dueling Banjos» i filmen Deliverance. Han var involvert i eit søksmål med låtskrivaren av songen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han spelte i ei tidleg utgåve av Greenbriar Boys (1958–59), men slutta før dei spelte inn noko i studio. Han vart så med The Tarriers, der han erstatta Erik Darling. The Tarriers hadde nyleg hatt ein hitt med «Banana Boat Song», men Harry Belafonte fekk ein større hit med same songen kort tid etter. Weissberg spelte først bass i gruppa, men talentet som banjogitarist, felespelar gitarist, mandolinist og songar gjorde at han fekk større roller. Det første albumet med The Tarriers, Tell The World About This (1960) hadde ei mykje røffare kjensle enn den glatte stilen til The Weavers eller The Kingston Trio. I 1964 måtte han gjere teneste i nasjonalgarden, men då han kom attende vart gruppa starta opp att. I 1964 spelte gruppa med Judy Collins på ein turné i Polen og Russland, men vart oppløyst kort tid etter. Judy Collins nytta han vidare som studiomusikar på albumet Fifth Album (1965) og fleire seinare album.

Etter kvart som interessa for akustiske visegrupper dalte, byrja Weissberg ein karriere som studiomusikar og spelte på album av The Clancy Brothers, Doc Watson, Melanie, Billy Joel, Bob Dylan, Loudon Wainwright III, Talking Heads, Tom Paxton, Jim Croce, Art Garfunkel, John Denver, Ronnie Gilbert og andre. Han er hovudsakleg hugsa for hitsingelen «Dueling Banjos», kjenningsmelodien i filmen Deliverance, produsert av Joe Boyd og regissert av John Boorman.

Weissberg spelar framleis på visefestivalar og er nesten like kjend for dobro-spelinga si som bluegrass-banjospelinga. Han spelte òg med jazzmusikarane Herbie Mann og Bob James. I 1998, vart han med Richard Thompson og mange andre visesongarar på Nanci Griffith-albumet Other Voices Too.

I det siste har han turnert mykje med Tom Paxton.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album Lister R.I.A.A.[1] selskap
US Country US CAN
1963 New Dimensions in Banjo and Bluegrass Elektra
1973 Dueling Banjos 1 1 1 Gold Warner Bros.
Rural Free Delivery 196
1996 Banjo Jamboree: Tradition Series Rykodisc

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Lister R.I.A.A.[1] Album
US AC US US Country CAN AC CAN CAN Country
1973 «Dueling Banjos» (med Steve Mandell) 1 2 5 1 2 9 Gold Dueling Banjos
«Reuben's Train» 69 71
1975 «Yakety Yak» (med Deliverance) 91 berre singel

Studioinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • The Boys Won't Leave the Girls Alone (The Clancy Brothers and Tommy Maken, 1962)
  • «Sunny's Gallery of Folk Songs» (Sunny Schwartz, 1963)
  • Fifth Album (Judy Collins, 1965)
  • Live At Newport (1959–1966) (Judy Collins)
  • Ballads From Deep Gap (Doc and Merle Watson, 1967)
  • The Good Book (Melanie, 1971)
  • Poems, Prayers & Promises (John Denver, 1971)
  • Portfolio (Richie Havens, 1973)
  • Rocky Mountain High (John Denver, 1973)
  • True Stories and Other Dreams (Judy Collins, 1973)
  • John Denver's Greatest Hits (John Denver, 1973)
  • Piano Man (Billy Joel, 1973)
  • Blood on the Tracks (Bob Dylan, 1974)
  • Judith (Judy Collins, 1975)
  • Free Beer (Free Beer, 1975)
  • Sing Children Sing: Songs of the USA of America (UNICEF, 1977)
  • Final Exam (Loudon Wainwright III, 1978)
  • Little Creatures (Talking Heads, 1985)
  • Album III (Loudon Wainwright III, 1990)
  • Heroes (Tom Paxton, 1992)
  • Judy Sings Dylan ... Just Like a Woman (Judy Collins, 1993)
  • Shameless (Judy Collins, 1994)
  • Take The Fifth (compilation; Bridget St John, 1995)
  • Other Voices Too (Nanci Griffith, 1998)
  • Live For The Record (Tom Paxton, 1999)
  • Times Like These (Rick Danko, 2000)
  • Live at Wolf Trap (Judy Collins, 2002)
  • Copper: Original Soundspor (Brian Keane, 2013)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 338. ISBN 0-214-20512-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]