Blood on the Tracks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blood on the Tracks
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 20. januar 1975
Innspelt 16. til 19. september 1974 og 27–30. desember 1974
Studio A & R Recording i New York og Sound 80 i Minneapolis
Sjanger Folkrock
Lengd 51:42
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan
Bob Dylan-kronologi
Before the Flood
(1974)
Blood on the Tracks The Basement Tapes
(1975)


Singlar frå Blood on the Tracks
  1. «Tangled Up in Blue»
    Utgjeve: 17. januar 1975
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Chicago Tribune4/4 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Music Story5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
MusicHound Rock5/5[5]
Pitchfork10/10[6]
Q5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[7]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]
Sputnikmusic5/5[9]
The Village VoiceA[10]

Blood on the Tracks er det 15. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records i januar 1975. Albumet var det første til Dylan på Columbia etter to album på Asylum Records.

Dylan sette i gang innspelinga av albumet i New York City i september 1974. I desember, like før Columbia skulle gje ut albumet, spelte Dylan brått inn mange av songane på nytt i eit studio i Minneapolis. Det endelege albumet inneheld fem songar frå New York og fem frå Minneapolis.

Blood on the Tracks fekk først middels kritikk, men har sidan blitt hylla som eit av dei beste albuma til Dylan av både fans og kritikarar. Songane er blitt knytte til personlege problem Dylan hadde på denne tida, mellom anna det skrantande forholdet til den dåverande kona Sara. Eit av borna deira, Jakob Dylan, sa «det er foreldra mine som snakkar i desse songane».[11] Det vert òg ofte rekna for å ha sett standarden for bekjennande singer-songwriter-album og er blitt kalla «den mest sanne, mest ærlege forteljinga frå byrjinga til slutten av eit kjærleiksforhold som er festa til lydband».[12] I intervju har Dylan nekta for at songane på albumet er sjølvbiografiske. I 2003 vart albumet rangert på 16. plassen på lista til Rolling Stone over ei 500 beste albuma gjennom tidene og i 2004 vart det rangert på femteplassen på Pitchfork si liste over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[13]

Albumet gjekk til topps på Billboard 200-lista, nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart og andreplassen på VG-lista i Noreg. Singelen «Tangled Up in Blue» nådde 31. plassen på Billboard Hot 100-lista. Albumet er eit av dei bestseljande Dylan-albuma og har seld til dobbel platina i USA.[14] I 2015 vart det innlemma i Grammy Hall of Fame.[15]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Førproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Då turneen hans med The Band var over i 1974 gjekk Dylan inn i eit forhold med den Columbia Records-tilsette Ellen Bernstein, som Dylan-biografen Clinton Heylin skildra som byrjinga på slutten for ekteskapet hans med Sara.[16] Våren 1974 var Dylan i New York i fleire veker medan han tok kunsttimar hos målaren Norman Raeben.[17] Dylan sa seinare at Raeben hadde endra korleis han forstod tid, og sommaren 1974 byrja Dylan å skrive ei rekkje songar i ei raud notisbok med denne nye kunnskapen:

« [Raeben] lærte meg å sjå ... på ein måte som let meg gjere på ein medviten måte det eg kjende umedviten. Då eg byrja med det var det første albumet eg laga Blood on the Tracks. Alle var samde om at det var ganske annleis, og det som er annleis med det er at et er ein kode i teksten, og det er ikkje ei tidskjensle.[17] »

Dylan var så ei tid saman med Bernstein på garden hans i Minnesota og skreiv der ferdig 17 songar som Blood on the Tracks vart danna frå. Heylin skildra songane som «kanskje den finaste samlinga av kjærleikssongar på 1900-talet, songar fylde med det fullstendige spekteret av kjensler eit skrantande ekteskap kan skape».[18]

Før innspelinga framførte Dylan songane som kom til å bli Blood on the Tracks for fleire vener i musikkverda, mellom andre David Crosby, Graham Nash, Stephen Stills, Tim Drummond og Peter Rowan.[19] Nash hugsa at Stills mislikte dei private framføringane til Dylan av dei nye songane sine, og like etter Dylan forlet rommet skal Stills ha sagt til Nash, «han er ein god låtskrivar ... men han er ikkje noko musikar.»[19]

I starten vurderte Dylan å spele inn Blood on the Tracks med elektrisk akkompagnement, og kontakta Mike Bloomfield som hadde spelt sologitar på Dylan sitt Highway 61 Revisited. Då dei to møttest, gjekk Dylan gjennom songane han planla å spele, men han spelte dei for kjapt til at Bloomfield fekk sjanse til å lære dei.[20] Bloomfield snakka seinare om hendinga: «Dei høyrdest etter ei stund heilt like ut for meg. Dei var alle i same toneart, dei var alle lange. Det var ein av dei merkelegaste opplevingane eg har hatt i livet. Han vart på eit vis sur fordi eg ikkje klarte å henge med.» Til slutt gjekk Dylan bort frå ideen om å spele inn albumet med eit band, og gjekk for dempa, akustiske arrangement av alle songane.[20] Den 2. august 1974 signerte Dylan kontrakt med Columbia Records. Etter å ha gjeve ut dei to førre albuma sine, Planet Waves og Before the FloodAsylum Records, meinte Dylan at det nye albumet hans ville nyte godt av dei kommersielle musklane som Columbia hadde, plateselskapet han hadde slått gjennom på, og den nye kontrakten gav han auka kontroll over det han spelte inn.[21]

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Dylan tok til med innspelinga i A & R Recording Studios i New York City den 16. september 1974. Bernstein har sagt at «temaet om å vende attende gjekk gjennom heile innspelinga, så det gav meining å gjere det i A&R».[21] A & R Studios var det tidlegare Columbia Records «Studio A», der Dylan hadde spelt inn seks album i 1960-åra.[21] Musikarane forstod raskt at Dylan ønskte ei «spontan» tilnærming til innspelinga.[20] Lydteknikaren Phil Ramone sa seinare at Dylan gjekk frå ein song til ein annan som om dei var ein del av ein medley. Ramone sa:

« Stundom hadde han fleire taktar, og i den neste versjonen så gjorde han om på kor mange taktar det skulle vere mellom eit vers. Eller han fjerna verset. Eller la til eit refreng når du ikkje venta det. »

Eric Weissberg og det nye bandet hans, Deliverance, vart opphavleg henta inn som studiomusikarar, men vart avviste etter to dagar då dei ikkje klarte å henge med på tempoet til Dylan.[20] Dylan let bassisten Tony Brown vart verande att frå bandet, og la etter kort til organisten Paul Griffin (som òg hadde spelt på Highway 61 Revisited) og steelgitaristen Buddy Cage.[20] Etter fire innspelingsdagar over ti dagar[20][22] med denne besetinga, hadde Dylan gjort ferdig innspelinga og miksa albumet og i november hadde han trykt ei prøveplate av albumet. Columbia byrja å klargjere utgjevinga av albumet til før jul.[23]

Dylan spelte prøveplata for broren David Zimmerman, som overtydde Dylan om at albumet ikkje kom til å selje godt fordi totaltbilete var for nakent. Robert Christgau høyrde òg ein tidleg versjon av albumet og kalla det «eit svik til minne om den før-elektriske tida til Dylan».[10] Broren fekk Dylan med på å spele inn fem av songane på albumet på ny i Sound 80 i Minneapolis, med musikarar som David henta inn. Dei nye opptaka vart fullførte på berre to dagar mot slutten av desember 1974. Blood on the Tracks var på plass i butikkane 20. januar 1975.[24]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut tidleg i 1975 og Blood on the Tracks fekk i starten middels kritikk frå kritikarane.[25] Rolling Stone publiserte to meldingar. Den første, av Jonathan Cott, kalla det «Dylan sitt strålande, nye album». Den andre av Jon Landau sa at «plata er blitt laga med typisk svakheiter».[26] I NME skildra Nick Kent «akkompagnementa som så dårlege at dei høyrest ut som eit øvingsopptak»,[26] medan Crawdaddy meinte instrumenteringa var inkompetent.[25]

Ei innverknadsrik melding av albumet vart skriven av Dylan-kritikaren Michael Gray for magasinet Let It Rock. Gray hevda at det omforma den kulturelle oppfatninga av Dylan, og at han ikkje lenger vart definert som «den store artisten frå 60-åra. I staden har Dylan legitimert sitt krav på ein kreativ dugleik like vital no som då - ein makt som ikkje er avgrensa av det tiåret han påverka så sterkt».[27] Dette synet vart forsterka av Clinton Heylin, som skreiv: «Ti år etter han omgjorde rock & roll-sida av pop til rock ... fornya Dylan sin legitimitet som ei form som kunne innehalde arbeidet til ein moden artist.»[27] I The Village Voice skreiv Robert Christgau at sjølv om tekstane stundom framkallar romantisk naivitet og bitterheit er Blood on the Tracks alt i alt Dylan sitt mest modne og overtydande album.[10]

Sidan den gongen har Blood on the Tracks blitt trekt fram som eit av dei beste albuma til Dylan.[25]Salon.com skreiv Wyman: «Blood on the Tracks er det einaste feilfrie albumet hans og det best produserte. Songane, kvar av dei er konstruerte på ein disiplinert måte. Det er et snillaste albumet hans, og det mest sjokkerande, og det verkar i ettertid å ha oppnådd ein perfekt balanse mellom dei munndiaré-aktige songane hans frå 60-åra og dei sjølvmedvitne, enkle komposisjonane hans frå tida etter ulukka hans.»[28] Bell skreiv i ein biografi om Dylan at Blood on the Tracks var bevis på at «Dylan hadde vunne krangelen om å nekte å krangle om politikk. Her byrja han å verke framtenkt.»[29] Bell konkluderte med at albumet «kan vere noko av det beste Dylan nokon gong gjorde».[30]

Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[31]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan

Side ein
# TittelInnspelt Lengd
1. «Tangled Up in Blue»  30. desember 1974 i Minneapolis 5:42
2. «Simple Twist of Fate»  19. september 1974 i New York City 4:19
3. «You're a Big Girl Now»  27. desember 1974 i Minneapolis 4:36
4. «Idiot Wind»  27. desember 1974 i Minneapolis 7:48
5. «You're Gonna Make Me Lonesome When You Go»  17. september 1974 i New York City 2:55
Side to
# TittelInnspeling Lengd
6. «Meet Me in the Morning»  16. september 1974 i New York City 4:22
7. «Lily, Rosemary and the Jack of Hearts»  30. desember 1974 i Minneapolis 8:51
8. «If You See Her, Say Hello»  30. desember 1974 i Minneapolis 4:49
9. «Shelter from the Storm»  17. september 1974 i New York City 5:02
10. «Buckets of Rain»  19. september 1974 i New York City 3:22

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Canadian RPM Top Albums[32] 1
Nederlandsk Top 100[33] 5
New Zealand Top 40[34] 1
Norske VG-lista[35] 2
UK Albums Chart[36] 4
US Billboard 200[37] 1
Liste (2000) Plassering
Irish Albums Chart[38] 54

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
US
[37]
1975 «Tangled Up in Blue» 31

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[39] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[40] 78,100 [41]*
Storbritannia (BPI)[42] Gull 100 000^
USA (RIAA)[43] 2× Platina 2 000 000^
Oppsummering

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blood on the Tracks - Bob Dylan - Songs, Reviews, Credits - AllMusic». AllMusic. Henta 25. november 2018. 
  2. Kot, Greg (1992). «Dylan Through The Years: Hits And Misses». Chicago Tribune (October 25). Henta 25. november 2018. 
  3. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music. Omnibus Press. s. 2006. ISBN 0-85712-595-8. 
  4. «Blood on the Tracks». Acclaimed Music. Henta 25. november 2018. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 369, 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. Jarnow, Jess (25. november 2018). «Bob Dylan: Blood on the Tracks». Pitchfork. Henta 25. november 2018. 
  7. Q (London) (December): 131. 1993.  Missing or empty |title= (hjelp)
  8. Sheffield, Rob (2004). «Bob Dylan». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. s. 262, 264. ISBN 0-7432-0169-8. 
  9. Butler, Nick (26. juni 2006). «Bob Dylan - Blood on the Tracks». Sputnikmusic. Arkivert frå originalen den 25. november 2018. Henta 25. november 2018. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Christgau, Robert (1975). «Consumer Guide (52)». The Village Voice (January 27) (New York). Henta 25. november 2018. 
  11. Sounes 2001, s. 284
  12. Hedin 2004, s. 109
  13. «Staff Lists: Top 100 Albums of the 1970s». Pitchfork. 23. juni 2004. Henta 25. november 2018. 
  14. «The Rolling Stone 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 1. november 2003. Henta 25. november 2018. 
  15. «GRAMMY Hall Of Fame». The GRAMMYs. Henta 25. november 2018. 
  16. Heylin 2011, s. 362–363
  17. 17,0 17,1 Clinton Heylin (1 Apr 2011). Behind the Shades: The 20th Anniversary Edition. Faber & Faber. s. 368–369. 
  18. Heylin 2011, s. 372
  19. 19,0 19,1 Gill & Odegard 2005, s. 42–44
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 20,4 20,5 Williamson, Nigel (2004). The Rough Guide to Bob Dylan. London: Rough Guides. s. 111–113. ISBN 1-84353-139-9. 
  21. 21,0 21,1 21,2 Heylin 2011, s. 378
  22. Bjorner, 1974 On the Road Again: Calendar Bjorner's As the Years Passed the Door. Henta 3. september 2010
  23. Heylin 2011, s. 381
  24. Heylin 2011, s. 381–383
  25. 25,0 25,1 25,2 Williamson 2004, s. 113.
  26. 26,0 26,1 Heylin 2011, s. 383
  27. 27,0 27,1 Heylin 2011, s. 384
  28. «Bob Dylan». Salon.com. 5. mai 2001. Henta 25. november 2018. 
  29. Bell 2012, s. 556
  30. Bell 2012, s. 558
  31. Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5. 
  32. «RPM Top Albums – April 05 1975». RPM. Library and Archives Canada. Henta 20. juli 2011. 
  33. «Bob Dylan – Blood on the Tracks». dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 28. juli 2012. 
  34. «Bob Dylan – Blood on the Tracks». charts.org.nz. Hung Medien. Henta 28. juli 2012. 
  35. «Bob Dylan – Blood on the Tracks». norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 28. juli 2012. 
  36. «1975–03–01 Top 40 Official UK Albums Archive». The Official Charts Company. 
  37. 37,0 37,1 Blood on the TracksAllmusic. Henta 28. juli 2012.
  38. «Discography Bob Dylan». irish-charts.com. Hung Medien. Henta 28. juli 2012. 
  39. «Canadian album salstrofé – Bob Dylan – Blood on the Tracks». Music Canada. 
  40. «French album salstrofé – Bob Dylan – Blood on the tracks» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  41. http://www.infodisc.fr/Ventes_Albums_Tout_Temps.php?debut=5100
  42. «British album salstrofé – Bob Dylan – Blood on the Tracks». British Phonographic Industry.  Enter Blood on the Tracks in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  43. «American album salstrofé – Bob Dylan – Blood on the Tracks». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH