Erik Møse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Møse
Fødd 9. oktober 1950
Yrke dommar, advokat

Erik Møse (fødd 9. oktober 1950) er ein norsk jurist og dommar i Noregs høgsterett. Han blei utnemnd til høgsterettsdommar den 31. oktober 2008 og tiltredde stillinga i Høgsterett 15. august 2009. Han vardommar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen frå 2011 til 2018.[1]

Møse hadde permisjon frå Høgsteretten då han var dommar i menneskerettsdomstolen. Før han blei høgsterettsdommar var han dommar ved SN sin straffedomstol for Rwanda, som behandla saker knytte til folkemordet i Rwanda. Frå 1999 til 2003 var han visepresident ved domstolen og derertt president fram til 2007.

Møse er cand.jur. frå Universitetet i Oslo og har også studert i Genève. Han arbeidde fram til 1986 i Justisdepartementets lovavdeling som lovrådgjevar og byråsjef, og deretter som advokat hos Regjeringsadvokaten, der han etter kvart fekk møterett for Høgsterett. Frå 1993 til 1999 var han lagdommar i Borgarting lagmannsrett. Møse er tilknytt Universitetet i Oslo som føreleser. Han er æresdoktor ved Universitetet i Essex i Storbritannia.

Som jurist har Møse særleg arbeidd med folkerett og menneskerettar. Han har blant anna bidrege til utarbeidinga av tilleggsprotokollar til Den europeiske menneskerettskonvensjonen og til menneskerettslovgjeving i norsk rett.

Møse blei 9. januar 2008 utnemnd til Kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteorden for sitt arbeid til fremme av menneskerettane.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • «Impact of the human rights conventions on the two ad hoc Tribunals», i Morten Bergsmo (red.): Human rights and criminal justice for the downtrodden: essays in honour of Asbjørn Eide, 2003
  • Menneskerettigheter, 2002
  • «Norway», i Robert Blackburn og Jörg Polakiewicz (red.):Fundamental rights in Europe: the European Convention on Human Rights and its member states, 1950-2000, 2001
  • «New rights for the new Court?», i Paul Mahoney et al. (red.): Protection des droits de l'homme: la perspective européenne. Mélanges à la mémoire de Rolv Ryssdal, 2000
  • Fritak for undervisning i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsopplæring. Forholdet til Norges folkerettslige forpliktelser. Utredning avgitt til Kirke- utdannings- og forskningsdepartementet 22 januar 1997, 1997

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. echr.coe.int. «Judgets of the court since 1959» (PDF). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]