Sukatsitron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Etrog)
Gå til: navigering, søk
Sukatsitron
Sukatsitron
Sukatsitron
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Underfamilie: Aurantioideae
Stamme: Citreae
Slekt: Sitrusfrukt Citrus
Art: Sukatsitron C. medica
Vitskapleg namn
Citrus medica

Sukatsitron (Citrus medica) eller cedrat er ein plante i sitrusslekta. Fruka er ei avlang sitrusfrukt med tjukt, vortete skal og lite fruktkjøt. Ei frukt kan vega opptil 2 kg. Den kvite delen av skalet kan brukast til å laga sukat.

Sukatsitron var ei av dei fire opphavlege sitrusfruktene folk byrja dyrka og som seinare skapte ei rekkje nye typar gjennom hybridisering.[1] Dei andre tre var mandarin, pomelo og Citrus halimii.[2] Ein rekner med at alle sitrusfruktene som blir dyrka i dag opphavleg stammar frå Asia, truleg Søraust-Asia, og sidan spreidde seg.[2]

Ein dyrkar særleg sukatsitron i middelhavsland. Varieteten adamseple eller 'Ethrog', C. medica var. ethrog, blir hovudsakleg dyrka i Israel. Under namnet «etrog» har sukatsitron ei viktig stilling innan jødedommen som eit av dei fire slaga plantar ein bruker under høgtida sukkót. Ein austasiatisk varietet av planten, Citrus medica var. sarcodactylis, har frukt som deler seg opp i «fingrar», og blir mellom anna brukt som dekorasjon, i samband med japanske og kinesiske nyårsfeiringar og som offergåve i buddhisttempel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sukatsitron