Europacupen i fotball 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1976 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Bayern München. Turneringa var den 21. i rekka. Gjennom finalen 12. mai 1976 i Glasgow forsvarte vesttyske Bayern München meistertittelen ved å vinne 1-0 over franske AS Saint-Étienne. Sigeren var den tredje rake i Europacupen i fotball til det vesttyske meisterlaget.

Europacupen 1976 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 16. september 1975. Etter to rundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1976.

Vinnarlaget Bayern München slo ut Jeunesse Esch frå Luxembourg, svenske Malmö FF, Benfica frå Lisboa og Real Madrid. AS Saint-Étienne vann etter tur over Kjøbenhavns Boldklub, Glasgow Rangers, Dynamo Kiev og PSV Eindhoven.

Lagoppstillingane i finalen

Finalen[endre | endre wikiteksten]

54 684 tilskodarar såg finalen på Hampden Park i Glasgow 12. mai 1976, ein kamp Bayern München vann med 1-0 mot Saint-Étienne. Midtbanespelaren Franz Roth vart matchvinnar med ei skåring i det 57. minutt.

Vinnarlaget Bayern München bestod av Sepp Maier, Johnny Hansen, Franz Beckenbauer (kaptein), Georg Schwarzenbeck, Udo Horsmann, Bernd Dürnberger, Franz Roth, Jupp Kapellmann, Karl-Heinz Rummenigge, Gerd Müller og Uli Hoeneß.

Mannskapet til AS Saint-Etienne var: Ivan Ćurković, Gérard Janvion, Oswaldo Piazza, Christian Lopez, Pierre Repellini, Dominique Bathenay, Jean-Michel Larqué (kaptein), Jacques Santini, Hervé Revelli, Patrick Revelli og Christian Sarramagna. Sistnemnde vart teken av bana åtte minuttar før kampen var over, Dominique Rocheteau kom inn i staden.

Károly Palotai frå Ungarn dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]