Europacupen i fotball 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1991 var ei fotballturnering der vinnarane av 30 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar AC Milan. Turneringa var den 36. i rekka. I finalen 29. mai 1991 i Bari vann Raude Stjerne frå Beograd pokalen etter straffesparktevling mot Olympique Marseille. Det var fyrste gongen eit lag frå Jugoslavia triumferte i Europacupen i fotball.

Europacupen 1991 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt, stod det framleis likt vart det ekstraomgangar og til sist straffespark-tevling. Turneringa tok til 18. september 1990. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars og april 1991.

Vinnarlaget frå Beograd slo i turneringa ut høvesvis Grashopper frå Zürich, Rangers FC frå Glasgow, Dynamo Dresden og Bayern München. Finalist Olympique Marseille vann mot Dinamo Tirana, Lech Poznań, tittelforsvarar AC Milan og Spartak Moskva.

Lagoppstillingane i finalen, Raude Stjerne i stripete trøyer

Finalen[endre | endre wikiteksten]

56 000 tilskodarar såg finalen på San Nicola-stadion i Bari 29. mai 1991. Etter 120 mållause minuttar vart finalen avgjort med straffesparktevling. Alle dei fem eksekutørane til Raude Stjerne skåra, medan målvakta og kapteinen deira stoppa det fyrste straffesparket til det franske laget.

Vinnarlaget Raude Stjerne bestod av: Stevan Stojanović (kaptein), Refik Šabanadžović, Ilija Najdoski, Miodrag Belodedici, Slobodan Marović, Robert Prosinečki, Vladimir Jugović, Siniša Mihajlović, Dejan Savićević, Darko Pančev og Dragiša Binić. Vlada Stošić kom inn på bana i det 84. minutt, då Savićević gjekk ut.

Olympique Marseille mønstra: Pascal Olmeta, Manuel Amoros, Basile Boli, Carlos Mozer, Bernard Casoni, Éric Di Meco, Laurent Fournier, Bruno Germain, Chris Waddle, Jean-Pierre Papin (kaptein) og Abédi Pelé. Fournier og Di Meco gjekk av bana etter høvesvis 74 og 111 minuttars spel, inn kom fyrst Philippe Vercruysse og sidan Dragan Stojković.

Dommar var Tullio Lanese frå Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]