Miodrag Belodedici

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miodrag Belodedici
Personleg informasjon
Fødd 20. mai 1964 (59 år)
Fødestad Socol i Romania
Høgd 186 cm
Posisjon Libero
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1982–1988 Steaua București 174 (18)
1989–1992 Raude Stjerne 63 (3)
1992–1994 Valencia 49 (0)
1994–1995 Valladolid 31 (0)
1995–1996 Villarreal 16 (2)
1996–1998 Atlante 63 (2)
1998–2001 Steaua București 61 (3)
Totalt 457 (28)
Landslag
1982–1984 Romania U-21 (1)
1984–2000 Romania 55 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Miodrag Belodedici (fødd 20. mai 1964) er ein tidlegare fotballspelar frå Romania. Midtstopparen vann Europacupen med fyrst FC Steaua București og sidan Raude Stjerne, den fyrste spelaren som vann turneringa med to ulike fotballklubbar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Belodedici spelte på Steaua Bucureşti frå 1982 og var dei neste seks sesongane med om seriemeisterskapen fire gongar og cupmeisterskapen ved tre høve. Høgdepunket med Steaua kom då laget i 1986 vann europacupen i fotball, som den fyrste klubben frå Aust-Europa.

Belodedici, som er etnisk serbar, flykta til Jugoslavia seint i 1988. Frå hausten 1989 var han aktiv i Raude Stjerne frå Beograd, der han i tre år på rad vart jugoslavisk seriemeister. I 1991 vann klubben, med Belodedici i midtforsvaret, finalen i europacupen. Han var ein straffeskytarane som syrgde for siger etter eit mållaust finaleoppgjer mot Olympique Marseille.

Sidan spelte Belodedici 1992-96 i spansk liga med, etter tur, Valencia CF, Valladolid og Villareal. Etter to år i meksikansk seriefotball vende han i 1998 tilbake til Steaua, der han la opp i 2001 etter å ha vorte rumensk seriemeister for femte gong.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Belodedici deltok i 55 landskampar for Romania, mellom anna i VM 1994 og to europameisterskap. Han spelte alle fem kampane i verdsmeisterskapen i USA og i to av dei tre kampane under EM 1996 så vel som i EM 2000.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Europacupen: 1986 med FC Steaua București og 1991 med Raude Stjerne Beograd
  • Seriemeister i Romania: 1985-88 og 2001 med FC Steaua București
  • Cupvinnar i Romania: 1985, 1987, 1988 og 1999 med FC Steaua București
  • Seriemeister i Jugoslavia: 1990, 1991, 1992 med Raude Stjerne Beograd
  • Cupvinnar i Jugoslavia: 1990 med Raude Stjerne Beograd

Kjelder[endre | endre wikiteksten]