Even Glestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Even Glestad
Fødd5. juli 1828
Veldre
Død12. oktober 1902
Veldre
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, bonde

Even Larssen Glestad (5. juli 182812. oktober 1902) var ein lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Veldre i Hedmark. Han var medlem av Venstre.

Glestad var son til ein gardbrukar. Han var fyrst lærar i omgangsskule, sidan i ein privatskule driven av kapellanen i Stange. Deretter lærar på ein høgre skule for allmugen i Stange, ein skule styrt av kyrkjesongaren i prestegjeldet. Han var så krambudreng i sju år på Røros og på Lillehammer, og nokre år rekneskapsførar for Veldre brenneri. År 1856 vart han gardbrukar på Dalaust i heimbygda Veldre, før han i 1879 tok over farsgarden Glestad.

Glestad var medlem av heradsstyret i Ringsaker 1857-69 og 1873-85, ordførar var han frå 1877 til -83. Medlem av forlikskommisjonen 1867-85, og formann i matrikkelkommisjonen i heradet. Formann i Hedemarkens fogderis landbruksforening.

Glestad representerte Hedemarkens amtStortinget frå 1880 til 1900. Han var 1880-85 medlem av protokollkomiteen, 1883-1900 av fullmaktskomiteen, 1886-1900 av tollkomiteen, samt 1889-1900 av valkomiteen. Perioden 1889-1900 var han med i Lagtinget, frå 1891 i eigenskap av president. Elles var han medlem av jurykommisjonen 1882, av traktatkomiteen 1890-91, og frå 1893 av riksskattekommisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]