Evensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evensk
эвэды торэн (eved'i toren)
Klassifisering Altaisk
 tungusisk
  nordtungusisk
Bruk
Tala i Russland
Område Sakha, Magadan oblast
Evensktalande i alt 5660 (2010)[1]
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem kyrillisk
Språkkodar
ISO 639-2 eve
ISO 639-3 eve

Evensk (òg kalla lamutisk) er språket til det sibirske urfolket evenarane. Det er i nær slekt med evenkisk, nanaiisk og udegejsk. Språket høyrer til den tungusiske språkfamilien.

Grammatisk sett er evensk eit suffikal-agglutinerande språk. Språket har 18 konsonantfonem og 20 vokalfonem (inkludert lange vokalar og diftongane ia, ie). Substantiva har 13 kasus. Verbbøyinga skil mellom aktiv handling, tilstand og begynt handling.

Verba har over 15 aspekt og 6 diatesekategoriar, 6 partisippformer og 8 adverbialpartisipp, negative verb og spørreverb. Determinativ står føre det bestemte ordet og samsvarar med det i tal og kasus. I vestlege dialektar finn ein påverknad frå jakutisk og jukagirsk i ordforrådet, i dialektane på Kamtsjatkahalvøya påverknad frå korjakisk. Frå 1600-talet har det blitt tatt opp russiske lånord. Eit skriftspråk på grunnlag av det latinske alfabetet var klart i 1931, frå 1936 vert det skrive med ein variant av det kyrilliske alfabetet:

А а Б б В в Г г Д д Е е Ё ё Ж ж
З з И и Й й К к Л л М м Н н Ӈӈ
О о Ө ө Ӫ ӫ П п Р р С с Т т У у
Ф ф Х х Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ Ъ ъ Ы ы
Ь ь Э э Ю ю Я я

Ved den russiske folketeljinga i 2010 vart språket tala av om lag 5660 av eit folketal på om lag 22 400 evenarar. Språket vert tala ved kysten av Okhotskhavet og nærliggjande delar av republikken Sakha og Magadan oblast. Evenarane bur i Sakha (15 100 personar), Magadan oblast (2640), Tsjukotka (1390), Kamtsjatka oblast (1870) og Okhotsk rajon i Khabarovsk kraj (1130).[1]

Ein skil mellom austlege, vestlege (påverka av jakutisk) og sentrale dialektar, i alt om lag 20, mellom anna armansk, kamtsjatskisk, okhotskisk, olsk (vestleg dialekt, grunnlag for skriftspråket), berezovsk og momsk. Den armanske dialekten innehar ei særstilling. Han bevarer ei rekkje arkaiske trekk, og står nærare evenkisk språk. Han vert stundom rekna som eit eige språk.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010