FA-cupfinalen i fotball 1963

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1963 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 25. mai 1963. Framfor 99 604 tilskodarar vart Manchester United FA-cupmeister for tredje gong, etter å ha sigra med 3-1 over Leicester City. Det var 15 år sidan den førre Manchester United-triumfen i FA-cupen.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Denis Law gav Manchester United leiinga då han etter halvtimen mottok eit innlegg frå venstre, og ved straffemerket tvervende og sende ballen tilbake i venstre målhjørne. David Herd la på til 2-0 i det 57. minutt, etter at Leicester-målvakta Gordon Banks hadde halvklart eit skot frå Bobby Charlton. I det 80. minutt stupheada senterløpar Ken Keyworth inn ei redusering frå 8-10 meters hald. Fem minuttar før full tid fomla Banks med eit United-innlegg, og David Herd kunne enkelt fastsette sluttresultatet til 3-1.

Manchester United stilte med: David Gaskell, Tony Dunne, Bill Foulkes, Maurice Setters, Noel Cantwell (kaptein), Pat Crerand, Johnny Giles, Albert Quixall, David Herd, Denis Law og Bobby Charlton.

Leicester City mønstra: Gordon Banks, John Sjoberg, Richie Norman, Frank McLintock, Ian King, Colin Appleton (kaptein), Howard Riley, Graham Cross, Ken Keyworth, Dave Gibson, Mike Stringfellow.

Dommaren heitte Ken Aston.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]