FA-cupfinalen i fotball 1998

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1998 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 16. mai framom 79 183 tilskodarar. London-laget Arsenal FC sikra seg FA-trofeet gjennom å vinne 2–0 over Newcastle United.

Lagoppstillingane med Arsenal i raudt og kvitt

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Midtvegs i fyrste omgang skåra nederlendaren Marc Overmars for Arsenal då han frå 10-12 meters hald tuppa ballen mellom beina på den utrusande målvakta. Midtvegs i den andre omgangen la franskmannen Nicolas Anelka på til 2–0 med eit skot frå 15 m.

Vinnarlaget til Arsenal bestod av: David Seaman, Lee Dixon, Martin Keown, Tony Adams (kaptein), Nigel Winterburn, Ray Parlour, Patrick Vieira, Emmanuel Petit, Marc Overmars, Nicolas Anelka, Christopher Wreh. Wreh vart bytta ut etter ein times spel, inn kom David Platt.

Newcastle mønstra Shay Given, Alessandro Pistone, Nikos Dabizas, Steve Howey, Stuart Pearce, Warren Barton, Robert Lee, David Batty, Gary Speed, Alan Shearer og Temuri Ketsbaia. Gjennom dei siste 20 minutta av kampen måtte, etter tur, Pearce, Barton og Ketsbaia stige av bana, inn kom Andreas Andersson, Steve Watson, John Barnes.

Paul Durkin var dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]