Hopp til innhald

Stuart Pearce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stuart Pearce
Personleg informasjon
Fullt namn Stuart Pearce
Fødd 24. april 1962 (64 år)
Fødestad Shepherd's Bush i England
Høgd 178 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978–1983 Wealdstone FC 176 (10)
1983–1985 Coventry City 52 (4)
1985–1997 Nottingham Forest 401 (63)
1997–1999 Newcastle United 37 (0)
1999–2001 West Ham 42 (4)
2001–2002 Manchester City 38 (3)
2003 Longford 1
Totalt 747 (82)
Landslag
1987–1999 England 78 (5)
2005–2007 Manchester City
2014–2015 Nottingham Forest
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Stuart Pearce (fødd 24. april 1962) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Vest-London, aktiv spelar i tida frå 1978 til 2002. Han er særleg kjend for sine tolv år i Nottingham Forest, der han lenge var lagkaptein. Pearce var ein tøff og kontant forsvarsspelar, både back og midtstoppar. Han spelte 78 landskampar for England mellom 1987 og 1999.

Pearce byrja spele for Coventry City i 1983. I 1985 vart han overført til Nottingham Forest. Fram til 1997 spelte spelte han over 400 kampar og skåra 63 mål for klubben. I 1989 og 1990 var han med å vinne ligacupen for Nottingham Forest. Etter ein siste sesong som spelande trenar i Nottingham Forest, var han innom klubblag som Newcastle United, West Ham United og Manchester City.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Pearce debuterte på det engelske landslaget mot Brasil i mai 1987. Fram til september 1999 spelte han i alt 78 kampar og skåra 5-fem landslagsmål. Under VM i fotball 1990 deltok han i dei seks fyrste Englands-kampane, men ikkje i bronsefinalen mot vertslandet Italia. Både under EM i fotball 1992 i Sverige og EM i fotball 1996 på heimebane var han fast høgreback på Englands lag. Han var kaptein i 9 landskampar, mellom anna då England og Noreg spelte uavgjort på Wembley stadion i London den 14. oktober 1992. Kjetil Rekdal utlikna då til sluttresultatet 1-1 med eit fabelaktig langskot i det 77. minutt.

  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1989 og 1990 med Nottingham Forest
  • Finalist i FA-cupen: 1991 med Nottingham Forest og 1998 med Newcastle United
  • Tredjeplass i den engelske ligaen: 1988, 1989 og 1995 med Nottingham Forest

Pearce har mellom anna vore lagsjef for Manchester City, England U-21 og Nottingham Forest.