David Seaman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Seaman
David Seaman.jpg
David Seaman i 2012
Personleg informasjon
Fullt namn David Andrew Seaman
Fødselsdato 19. september 1963 (56 år)
Fødestad Rotherham i England
Høgd 1.91 m
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981-1982 Leeds 0 (0)
1982-1984 Peterborough 91 (0)
1984-1986 Birmingham 75 (0)
1986-1990 QPR 141 (0)
1990-2003 Arsenal 405 (0)
2003-2004 Manchester City 19 (0)
Totalt 731 (0)
Landslag
1988-2002 England 75 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

David Andrew Seaman (fødd 19. september 1963) er ei britisk-engelsk tidlegare målvakt i fotball, fødd i Rotherham. Han er særleg kjend som sisteskanse i Arsenal FC gjennom 13 sesongar, 1990-2002. Perioden 1988-2002 vakta målet for det engelske fotballandslaget 75 gongar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Seaman fekk sin ligadebut hausten 1982 med Peterborough United i 4. divisjon. I oktober 1984 vart han overført til Birmingham City, der han gjennom to sesongar var med både på opprykk til 1. divisjon og nedrykk året etter. Perioden 1986-90 gjorde han teneste i Queens Park Rangers. Sommaren 1990 vart Seaman overført til Arsenal FC og dei neste 13 sesongane var han fyrstemålvakt for laget frå London. I hans tid på laget var han med å vinne tre ligameisterskap, fire FA-cupfinalar, ligacupen i 1993 og cupvinnarcupen i 1994. Nær 40 år gammal fekk han i 2003 kontrakt med Manchester City, der han fekk godt med speletid i den eine sesongen før han la opp i 2004.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Seaman debuterte for England i november 1988. Han var England fyrstemålvakt både i Fotball-EM 1996 på heimebane, under VM 1998 i Frankrike, i VM 2002 og den mellomliggjande europameisterskapen 2000. Seaman spelte sin 75. og siste landskamp då England og Makedonia spelte 2-2 i ein EM-kvalifiseringskamp hausten 2002.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1994 med Arsenal FC
  • Engelsk ligameister: 1991, 1998 og 2002 med Arsenal FC
  • Engelsk FA-cupvinnar: 1993, 1998, 2002 og 2003 med Arsenal FC
  • Engelsk ligacupvinnar: 1993 med Arsenal FC
  • Tapande finalist i cupvinnarcupen: 1995 med Arsenal FC
  • Tapande finalist i UEFA-cupen: 2000 med Arsenal FC