Kontrafagott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Kontrafagott
Contrabassoon2.jpg
Ein kontrafagott
Treblåseinstrument
Klassifisering dobbelt røyrbladinstrument
Utvikla INCONIS nr. 13
Liknande instrument
Speleregister
Range contrabassoon.png

Kontrafagotten er det djupaste instrumentet i treblåsefamilien. Instrumentet er fyrst og fremst brukt i store symfoniorkester, og har ein svært avgrensa sololitteratur. Eit eksempel på kontrafagotten som solo-instrument i symfoniorkesteret finst i Maurice Ravels Gåsemor (Ma mere l'oye). Han har òg framståande parti i bl.a. Ravels Klaverkonsert for venstre hand, og i operaene Salome av Richard Strauss og «Wozzeck» av Alban Berg. Kontrafagotten kling éin oktav under den vanlege fagotten (Sub-kontra Bb/A - c1), og har ein djup, litt celloaktig klang.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste kontrafagottane stammar frå midten av 1700-talet. Joseph Haydn var den fyrste viktige komponisten som skreiv eigne stemmar for kontrafagott, f.eks. i Skapinga. Seinare har komponistar som Ludwig van Beethoven, Johannes Brahms, Claude Debussy, Maurice Ravel, Igor Stravinskij og Dmitrij Sjostakovitsj brukt kontrafagotten mykje i orkestermusikken. På den andre sida har andre store komponistar som f.eks. Wolfgang Amadeus Mozart, Peter Tsjaikovskij og Jean Sibelius ikkje brukt instrumentet i det heile tatt.

Instrumentet har som andre treblåseinstrument gjennomgått ein kontinuerleg utvikling i både klang, intonasjon og tekniske moglegheiter. Først dei siste tiåra på 1900-talet oppstod ein viss sololitteratur for instrumentet. Susan Nigro har spelt inn fleire soloplater på kontrafagott, og i 2006 uroppførte Lewis Lipnick ein kontrafagottkonsert av Kalevi Aho med Bergen Filharmoniske Orkester. Ein komponist som har gitt tydelege bidrag til kontrafagottlitteraturen er norske Terje Bjørn Lerstad.

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Kontrafagottar blir laga av lønnetre. Det har opp gjennom historia vore gjort eksperiment med andre tresortar, alt frå pappmasjé til messing. I Frankrike blei kontrabass-sarrusofoner i ein periode brukt i staden for kontrafagott i orkesteret, derfor er ein del av dei stemmene som i dag blir spelt på kontrafagott, f.eks. i verk av Debussy, eigentleg skrivne for kontrabass-sarrusofon. Kontrafagott er eit dyrt instrument, og dei fleste er eigd av profesjonelle orkester og musikkhøgskular og konservatorium. Det er ikkje vanleg å ha kontrafagott i korps og amatørorkester, sjølv om det finst unntak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]