Borkplystrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Falcunculidae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Borkplystrar

Status i verda: LC Livskraftig

Hannfugl av borkplystrar Foto: Ron Knight
Hannfugl av borkplystrar
Foto: Ron Knight
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Falcunculidae
Slekt: Falcunculus
Art: F. frontatus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Crested Shrike-tit
  • Vitskapleg namn
    Falcunculus frontatus

    Borkplystrar (Falcunculus frontatus) er ein starestor fugl som er monotypisk i slekta Falcunculus. Han var tidlegare trudd å vere ein medlem av plystrarfamilien, men er nyleg sett inn i sin eigen familie Falcunculidae.[1] Han er endemisk til Det australske kontinentet.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein mellomstor sporvefugl, ca. 16 til 19 centimeter, og rundt 30 gram i kroppsvekt. Denne arten syner variasjonar i fjørdrakt både mellom kjønna og mellom dei tre underartane. Generelt har desse fuglane underside med kraftig gulfarge, oversida er mørk, meir avdempa grøngul til grå. Midtfeltet på hovudet frå nebb til nakke er mørkt og hannar syner oppreiste fjører. Strupen og øvre bryst er mørkt med skarpt skilje mot den gule undersida. Sidene av hovudet er i kvitt med eit mørkt kontrastrikt band frå panna ned og baketter gjennom auget til nakken. Nebbet er svart, stutt og lateralt samantrykt, beina er mørke grå. Hofuglane har grønfarge i strupe og hals der hannar er svarte. Underarten i sørvestre Australia har kvit buk i staden for gul.[2]

    Føda er insekt med innslag av andre virvellause dyr, frø og frukter. Utbreiingsområdet er ikkje-samanhengande område over Det australske kontinentet. Det største samanhengande området er frå søraustre South Australia, gjennom Victoria og store delar av austre New South Wales.[2]

    Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
    2. 2,0 2,1 Boles, W. (2016). Crested Shrike-tit (Falcunculus frontatus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. september 2016
    3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Falcunculus frontatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. september 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Borkplystrar