Far'un

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°17′09.39″N 35°01′22.55″E
Far'un
فرعون, Far'oun, Far'on
kommune
Faroun town.jpg
Namneopphav: Farao
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Tulkarm guvernement
Koordinatar 32°17′09.39″N 35°01′22.55″E
Areal 4,3 km²
Folketal 3 100 (2007)
Folketettleik 721 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Faroun town

Far'un (arabisk فرعون) er ein palestinsk by i Tulkarm guvernement nordaust på Vestbreidda, fem kilometer sør for Tulkarm nær grensa til Israel. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Far'un eit folketal på 3 100 innbyggjarar i 2007.[1]

Det samle landarealet til byen er 8 800 mål, men nesten halvparten av dette har blitt konfiskert av israelske styresmakter. Av det noverande området på 4 333 dekar er 495 utbygde område.[2] Kring 70 % av landområdet til byen er planta med olivenlunda, 5 % for sitrusdyrking, guava og mandeltre.[3]

Dei fleste arbeider innan jordbruk eller i Israel.[3] Far'un har ein moské, to skular, eit legekontor og eit barnevernssenter. Like utafor Far'un ligg Khirbet Nus Jbeil som vart bygd i 1265, tileigna mamelukk-leiaren Baibars.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]