Baqa ash-Sharqiyya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°24′38.10″N 35°04′08.91″E
Baqa ash-Sharqiyya
باقه الشرقية, Baqa al-Sharqiyya, Baqa ash-Sharkiya
kommune
Namneopphav: Den austlege blomsterbuketten[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Tulkarm guvernement
Koordinatar 32°24′38.10″N 35°04′08.91″E
Areal 4,2 km²
Folketal 4 101 (2007)
Folketettleik 976 / km²
Borgarmeister Muaiad Abd al-Rahman Hussein
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg

Baqa ash-Sharqiyya (arabisk باقه الشرقية) er ein palestinsk by nord på Vestbreidda, 16 km nordaust for Tulkarm i Tulkarm guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS), hadde byen eit folketal på 4 101 innbyggjarar i 2007.[2] Flyktningar utgjorde 20,4 % av folkesetnaden i Baqa ash-Sharqiyya i 1997.[3]

Kring 3 km mot vest, på den andre sida av Den grøne linja, ligg Baqa al-Gharbiyye, («den vestlege blomsterbuketten») som høyrer til Israel. Begge byane var opphavleg ein enkel by, kalla Baqa, fram til etterverknaden etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Før den andre Intifada bestod Baqa ash-Sharqiyya av 4 000 mål, men Israel konfiskerte kring 2 000 mål land for å byggje sperremuren/gjerdet på Vestbreidda.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Baqa ash-Sharqiyya ligg på ein gammal stad. Tidleg under osmansk styre, i 1596, låg Baqa ash-Sharqiyya i Qaqun nahiya i Nablus sanjak. Han hadde eit folketal på 35 hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bier, og ei presse for oliven eller druer.[5][6]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Baqa som «ei lita grend på ei høgd, med oliven. Han har ein brunn i sør og ein liten Mukam (muslimsk grav) i nord; spreidd oliven kring seg, og det er to eller tre palmer i nælriken. Husa står spreidd.»[7]

I folketeljinga i 1922 hadde Baqa Sharkiyeh eit folketal på 269, alle muslimar,[8] dette auka i folketeljinga i 1931 til 330, framleis alle muslimar, i 67 hus.[9]

I 1945 bestod folkesetnaden i Baqa ash-Sharqiyya av 480 arabarar på eit landområde på 3 986 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 173 dekar for plantasjar og irrigert land, 2 870 for cereals,[11] medan 14 dekar var utbygde område.[12]

Som ein del av våpenkvileavtalen i 1949 etter den israelsk-arabiske krigen i 1948, avstod kong Abdullah av Jordan det erobra Wadi Ara-området til Israel i byte mot land nær Hebron. Dette førte til at Baqa al-Gharbiyye falt på vestsida av Den grøne linja, og vart skild frå den austlege delen, Baqa ash Sharqiyya. Den separerte byen har framleis tette sosiale og økonomiske band, men dette har blitt redusert etter muren på Vestbreidda stod ferdig.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 179
  2. 2007 PCBS census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 107.
  3. palestinsk Population by Locality and Refugee Status Palestinsk statistisk sentralbyrå
  4. Baqa Al Sharqia: A Palestine Villeage isolated by the Segregation Wall Land Research Sentral. 13. august 2003.
  5. al-Salim, Farid. Landed Property and Elite Conflict in Ottoman Tulkarm. Jerusalem Quarterly. Autumn 2011.
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 159
  7. Conder and Kitchner, SWP, 1882, s. 152
  8. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, Underdistrikt of Tulkarem, s. 27. 
  9. Mills, 1932, s. 53
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 74
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 124
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 174
  13. Profile: Baqa Sharqiya Enclave & Qafin UNRWA

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]