Tulkarm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°18′42″N 35°01′38″E
Tulkarm
טולכרם, Tulkarem, Tul Karem
kommune
none
Namneopphav: Den lange vinrankestaden.[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Tulkarm guvernement
Koordinatar 32°18′42″N 35°01′38″E
Areal 28,8 km²
Folketal 61 941 (2007)
Folketettleik 2 151 / km²
Grunnlagd 200-talet evt.
borgarmeister Mahmoud al-Jallad
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tulkarm
Nettstad: www.mtulkarm.com

Tulkarm eller Tulkarem (arabisk طولكرم, Ṭūlkarm; hebraisk skrift טולכרם) er ein palestinsk by på Vestbreidda, i Tulkarm guvernement. Dei israelske byane Netanya og Haifa ligg i vest, dei palestinske Nablus og Jenin i aust. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Tulkarm i 2007 eit folketal på 51 300, medan den nærliggande flyktningleir hadde eit folketal på 10 641,[2] i alt 61 941 innbyggjarar.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Al-Adawiah vidaregåande skule
Parisgata i Tulkarm, 2007.

Det arabiske namnet, som tyder «den lange staden med vinrankane» kjem frå dei arameiske orda Toor Karma, som tyder «berg av vindruer.»[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Under ajjubidane, etter den muslimske erobringa av Palestina under sultan Saladin i 1187, var dei første familiane som slo seg ned i Tulkarm frå den kurdiske Zaydan-klanen. Zaydan-klanen var ei militærgruppe som vart sende til Wadi al-Sha'ir-området, som omfattar Tulkarm, av Saladin for å støtte forsvaret av dei vestlege vegane inn i det muslimske Palestina frå krossfararane, som dominerte kystområda. Zaydan dominerte Tulkarm og nærområdet rundt politisk fram til tidleg på 1600-talet. Kring 1230, seint i ajjubide-tida, flytta den arabiske Fuqaha-klanen til Tulkarm. Dei hadde opphavleg flytta til Palestina frå Arabia mange generasjonar tidlegare, og var halvegs nomadiske bønder med beitande dyr. Dei vart rekna som ashraf (knytt til den islamske profeten Muhammed) og tente som ulama («religious vitskapsmenn») i landsbyen.[3]

Under ajjubidane, og seinare under mamelukkane (1260-1517), var det meste av området til Tulkarm ein del av ein waqf for å støtte al-Farisiyya Madrasa, ein islamsk religiøs skule i Jerusalem, nord for al-Aqsa-moskéen. To tredjedelar av landsbyen vart ein del av ein slik waqf i 1354, gjeven av viseguvernøren i Damaskus, Faris al-Din al-Baki. Under mamelukkane kom ei ny bølgje med arabarar til Tulkarm frå Nord-Afrika og Nablus. Dei dreiv i stor grad med jordbruk og dyrehald, og forsynte hudar til lêrkjøpmenn i kystbyane, som vart teken attende frå krossfararane på andre halvdelen av 1200-talet.[3]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Palestina vart ein del av Det osmanske riket i 1517. Etter at sultan Suleiman den store (1520-66) overførte Tulkarm sin waqf til al-Jawhariyya Madrasa, i Det muslimske kvarteret, nordvest for al-Aqsa-moskéen. For dette betalte innbyggjarane i Tulkarm ein tredjedel av innhaustinga si som skatt mot waqf-en, kalla qasm. På denne tida var folkesetnaden i landsbyen kring 522 (95 hushaldningar) og skatten ebstod av åtte karat kveite og tre karat av kornsorten bygg. Elitefamiliane i byen styrte denne skatten, slik at dei oppnådde høgare sosial og økonomisk status. I 1548 hadde folketalet auka til 189 hushaldningar eller kring 1 040 innbyggjarar.[3]

I 1596 stod Tulkarm oppført i osmanske skattelister som ein del av Qaqun nahiya i Nablus liwa. Han var den største landsbyen i regionen,[3] med eit folketal på 176 muslimske hushaldningar (kring 968 innbyggjarar) og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter, bikubar og ei presse for oliven eller druer.[4] I den tidlege perioden av det osmanske styret, var det fem nabolag ring Sjeki Ali al-Jazri al-Mughrabi-moskeen, som folk i dag berre kallar «Gamlemoskeen». Folkesetnaden var i stor grad sunnimuslimar, og dei fleste av innbyggjarane var fellahin («bønder» som arbeidde med jorda). Elitefamliane på denne tida var Zaydan og Tarabay, sistnemnde frå Bani Harith-stamma. Sidan store delar av den osmanske staten var desentralisert, regjerte desse familiane i praksis området og hadde stor grad av sjøvlstre. Zaydan hadde særleg makt over Tulkram, og hadde oppgåva som mutassalim («skatteinnkrevjarar») på vegne av dei sentrale styresmaktene.[3]

På midten av 1600-talet vart dei fleste medlemmane i Zaydan-familien, med unntak av barn og dei eldre, drepne i ein massakre av innbyggjarane under fredagsbøna. Dette var fordi innbyggjarane var rasande på Zaydan-familien, då alle innbyggjarane, inkludert unge nygifte kvinner, vart tvungne til å ta del i innhaustinga og gje vekk store delar av kornet i skatt. Den politiske makta i Tulkarm gjekk så til Badran-klanen, medan Fuqaha-familien tok kontroll over styret av waqf-områda, slik at landsbyen vart styrt av dei religiøse leiarane.

Tulkarm er nedteikna på kartet til Jacotin frå invasjonen til Napoleon i 1799.[5]

På 1800-talet vitja den franske oppdagaren Victor Guérin Tulkarm, som han skildra som ein stor med kring 1000 innbyggjarar.[6] I 1882 skildra Survey of Western Palestina Tulkarm som ein «langspreidd landsby i høgda», omgjeve av dyrkbar mark og klipper. Det var fleire større hus, hovudsakleg av stein, i landsbyen.[7]

Tulkarm vart det administrative senteret i Bani Sa'b underdistrikt i 1886,[8][9] og vart seinare ein kommune i 1892.[10] Tulkarm fekk òg ein guvernør, som førte innbyggjarane nærare til den sentrale styresmakta. Denne høgare statusen gjorde at Tulkarm kom føre dei nærliggande landsbyaane, som på denne tida òg omfatta Qalqilya. Sentrum i Tulkarm vart endra frå Den gamle moskeen til eit tomt omrde i nordvest, etter kvart som byen vart utvida med nye kommunale bygg, eit postkontor, ein skule og eit sjukehus i det området.[11] Desse nye tenestene stadfesta rolla til Tulkarm som eit sentrum for innbyggjarane i området.

I 1908 vart Tulkarm eit stort jernbaneknutepunkt på Hejaz-banen som gjekk frå Egypt og det sørlege Palestina til Haifa og Akka i nordvest, Jerusalem, Nablus og Ramallah i sør, Libanon i nord og Syria og Transjordan i aust.[8] Den lokale Barqawi-familien kontrollerte området kring byen på 1800-talet.[12] Den osmanske hæren nytta Tulkarm som ein av dei viktigaste basane sine under Sinai- og Palestina-felttoget i fyrste verdskrigen, men i 1918 vart han erobra av britiske styrkar.[8]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Styresmaktene i Palestinamandatet (1920-1947) gjorde Tulkarm til sentrum i Tulkarm underdistrikt.[9] Byen og området rundt spelte ei viktig rolle som ein trygg stad og område for palestinsk-arabiske opprørsaktivitet under arabararopprøret 1936–39 mot det britiske styret i Palestina. Opprøørsleiaren Abd al-Rahim al-Hajj Muhammad kom frå Dhinnaba, som i dag er ein del av Tulkarm kommune, og leia mange operasjonar i området kring byen.[13]

I 1920 vart det bygd ein veg som knytte byen til Netanya ved kysten. For å handsame det kraftig aukande folketalet og den uorganiserte utviklinga av infrastrukturen sidan byrjinga av 1900-talet, vart det oppretta ein byplan for Tulkarm og landsbyane kring med Dhinnaba, Shuweikah og Irtah i 1945. På den tida var Tulkarm delt inn i fire område, der det meste av handelsaktiviteten føregjekk langs vegen som gjekk nord til sør, og aust til vest.[14]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Tulkarm kontrollert av den irakiske hæren og vart seinare ein del av den Jordan-kontrollerte Vestbreidda. Våpenkvileavtalen i 1949 mellom Israel og Jordan gjorde at 30 000 mål av Tulkarm sine 32 610 mål med jord, hovudsakleg jordbruksland, hamna på israelske territorium. Tapet av desse områda førte til ei stor utflytting av innbyggjarane til andre delar av Jordan og utlandet.[9] Tulkarm sjølv tok i mot mange palestinske flyktningar.[15] I denne perioden var Tulkram òg generelt isolert, og låg på begge sider av våpenkvilelinja, fanga mellom israelske militærstillingar i vest og jordanske militærstillingar i sjølve byen. Han var fullstendig avskoren frå dei nærliggande arabiske byane, som var kontrollert av Israel, og hadde langt mindre kontakt med landsbyane aust for seg. Dei viktigaste økonomiske og sosiale sambanda vart med Nablus.[16]

I 1950 vart Tulkarm-leiren opprette av UNRWA i byen. Dei fleste flyktningane i leiren kom frå Jaffa, Cæsarea og Haifa. I dag er han den nest størete palestinske flyktningleirenVestbreidda.[17] I 1963 vart grenda Jarrad i søraust og andre landområde i nordaust ein del av byen, medan den austlege landsbyen Dhinnaba vart underlagt kommunen i 1964. Seinare kom Shuweikah i nord og den mindre landsbyen Irtah i sør inn under kommunen i 1967.[15] Under seksdagarskrigen i juni 1967 var Tulkarm den tredje palestinsk byen på Vestbreidda som vart erobra av den israelske hæren.[9]

Etter Osloavtalen i 1993 mellom Israel og Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO), vart kontrollen over Tulkarm overført til Den palestinske sjølvstyresmakta den 10. desember 1995.[9] Under dei første åra av den andre Intifada, okkuperte Israel Tulkarm på ny i korte periodar. Det israelske militærstyret i Tulkarm enda i 2005, då kontrollen av byen vart gjeve over til PNA.[18] Då Den palestinske sjølvstyresmakta tok kontroll over byen, innførte dei nye våpenrestriksjonar, som avgrensa militaante til å ha eit enkelt registrert våpen, som ikkje kunne vere ladd eller berast offentleg.[19]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg heilt vest i dei nordlege områda av Vestbreidda, kring 15 km vest for Nablus og Jenin og 15 km aust for den israelske kystbyen Netanya. Han grensar til våpenkvilelinja frå 1948, til Sentral og Haifa distrikt i vest, og Qalqiliya og Ramallah distrikt i sør. Den sentrale plasseringa mellom ei slette og eit fjell har gjort han strategisk viktig, og dette har hatt stor effekt på veksten. Tidlgare var Tulkarm ein karavanestasjon og eit handelssenter for varer frå dei kringliggande landsbyane og gardane, i tillegg til ein stad der armear passerte på veg til Egypt og Levanten (al-Sham).

Tulkarm ligg ved kryssinga til tre historisk viktige ferdselsårer: Ein veg som går nord frå Latrun-området langs kanten av sletta til Karmelberget, Tabor, Gilboafjellet, Nasaret, Galilea og Golanhøgdene, ein veg som svingar seg nordover langs dei ytre hødgene frå Ajalondalen til Jezreeldalen, og ein veg som stig opp frå Middelhavet ved dagens Netanya og aust til Nablus. Tidlegare var han òg eit jernbaneknutepunkt for jernbanelinja frå nord for Haifa til Kairo og ei grein av smaljernbanen Hejaz-banen til Damaskus.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tulkarm har middelhavsklima med nedbør stort sett om vinteren. Middeltemperaturen om vinteren varierer frå 8 til 16 ºC, medan middeltemperaturen om sommaren varierer frå 17 til 30 ºC. Tulkarm får i overkant av 550 mm nedbør i året.

Klimadata for Tulkarm
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 17.0 17.5 19.6 23.9 24.2 28.3 29.0 30.0 27.9 26.0 23.0 19.2 22,76
Normal min. temp. °C 8.9 8.7 10.5 13.6 17.2 20.6 23.0 23.6 20.7 18.5 14.1 10.9 15,54
Nedbør (mm) 124.9 92.2 52.8 23.6 2.7 2.8 2.2 0.7 1.2 28.0 77.4 135.5 538,3
Normal mengd nedbørdagar 13.9 11.7 8.6 3.6 1.4 3.2 2.0 0.7 0.8 3.9 8.0 11.8 63,7
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[20]

Den mest regnfulle tida av året starta i oktober og held fram til mai. Mellom desember og februar fell nesten 70 % av årsnedøren, mellom 20% av kjem i oktober og november. Det er sjeldan regn i juni og og september, og i juli og august er det heilt tørt. Berre ein gong er det registrert regn i denne perioden, den 10. juli 1995, då det kom 1,5 mm. Årsmiddelnedbøren i Tulkarm er 642 mm for periode frå 1952 til 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Palmer, 1881, s. 194
  2. «Table 26 (Cont.): Localities in the West Bank by Selected Indicators, 2007». Palestinian Central Bureau of Statistics. 2007. p. 108. http://www.pcbs.gov.ps/Portals/_PCBS/Downloads/book1487.pdf. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 al-Salim, Farid. Landed Property and Elite Conflict in Ottoman Tulkarm. Jerusalem Quarterly. Autumn 2011.
  4. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 137. 
  5. Palestina Exploration Quarterly Jan-Apr 1944. Jacotin's Map of Palestina. D.H.Kellner. s. 161.
  6. Guérin, 1875, s. 353-354
  7. Conder og Kitchener, 1882, s. 161-162
  8. 8,0 8,1 8,2 Semplici, Andrea and Boccia, Mario. Tulkarm: The Bountiful Mountain. Med Corporation. s.3-8.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Mattar, s. 494.
  10. Thawab, 2009, s. 31.
  11. Thawab, 2009, s. 32.
  12. Doumani, 1995, s. 54.
  13. LeVine, Mark Andrew; Nimr, Sonia (2012). Struggle and Survival in Palestine/Israel. University of California Press. s. 144–149. 
  14. Thawab, 2009, s. 36.
  15. 15,0 15,1 Thawab, 2009, s. 37.
  16. Thawab, 2009, s. 38.
  17. Tulkarm Refugee Camp. Dei sameinte nasjonane Relief and Works Agency.
  18. Israel to hand over control of Jeriko, Tulkarm in first West Bank transfers to Palestinians
  19. Israeli soliders hand over Tulkarm, BBC
  20. «Averages and Records for Tel Aviv (Precipitation, Temperatur and Records [Excluding February and May written i page)»]. Israelsk meteorologiske institutt. http://ims.gov.il/IMS/CLIMATE/LongTermInfo. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]