Faray
Faray | |
---|---|
![]() Long Sand vest på øya. | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 1,80 km²
|
Høgaste punkt | 32 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Faray (norrønt Færey) er ei lita øy i Orknøyane i Skottland, mellom Eday og Westray. Tidlegare var ho busett og i dag har den låge øya gråsel som ynglar her.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Faray og Holm of Faray ligg på ein rygg av gammal raud sandstein som strekkjer seg sørover frå Weather Ness sør på Westray og som nesten knyt Westray til Eday.[1] Mellom dei to øyane ligg Lavey Sound.
Historie[endre | endre wikiteksten]

Faray vart kalla Pharay (eller North Pharay for å skilje ho frå South Pharay, som i dag heiter Fara). Begge namna kjem frå det norrøne 'faerey', «saueøya».[2]
Den einaste eldre menneskeskapte sporet på øya er eit gravkammer ved Lavey Sound. Faray hadde 82 innbyggjarar i 1861, og i 1891 55 innbyggjarar. Seint i 1930-åra var det åtte familiar på øya. Dei hadde var bønder og fiskarar. Under den andre verdskrigen var det mange som flytta og i 1947 hadde alle flytta frå Faray.[3] Det går framleis ein veg til midten av øya og dei spreidde, tomme husa.
I desember 1908 gjekk fiskefartøyet «Hope» på grunn på Holm of Faray under ein storm. Fem menn frå Faray trassa stormen og rodde over Lavey Sound for å redde mannskapet som stod på skjera. Dei fekk som løn ei reise til det skotske fastlandet og møte Edvard VII ved Balmoral, der dei kvar fekk ein medalje, i tillegg til ei god pipe med noko tobakk.[1]
Bevaring[endre | endre wikiteksten]
Øya har i dag bestandar av sau, sjøfugl og gråsel.[4] Faray og naboøya Holm of Faray har i lag status som Special Area of Conservation (særskild verneområde) for å bevare gråselen her. Øya har den nest største ynlgande gråselbsetanden i Storbritannia og medverkar til rundt 9 % av dei årlege fødslane i landet.[5]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Faray» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Julia Welstead (16. juli 2005). «The heroic five men of Faray». The Scotsman. Henta 14. mars 2010.
- ↑ Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Translated by Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 reprint). ISBN 0-901824-25-9
- ↑ «Faray». lonelyisles.com. Henta 14. mars 2010.[daud lenkje]
- ↑ «Faray». everything.com. Henta 14. mars 2010.
- ↑ «Faray and Holm of Faray». JNCC. Henta 14. mars 2010.