Fascistpartiet i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fascistpartiet i Italia, formelt kalla Det Nasjonale Fascistiske Partiet (Partito Nazionale Fascista - PNF), var eit italiensk politisk parti, danna av Benito Mussolini, som det politiske uttrykket for fascismen, som tidlegare hadde vore representert av grupper kjende som fasci di combattimento, «kampgrupper». PNF styrte Italia i 21 år, frå 1922 til 1943, på ein totalitær måte. I dag er dette det einaste partiet som eksplisitt er forbode i den italienske grunnlova, "i alle former". I praksis finst det likevel fleire små fascistiske parti i landet, parti som det ikkje er på tale å forby.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Partiet vart danna i Roma 7. november 1921, og dette markerte omdanninga av dei paramilitære fasci di combattimento til ein meir einskapleg formasjon (desse fasci hadde vorte danna av Mussolini i Milano 23. mars 1919.)

PNF var viktig for å gje retning til og popularisere støtte til Mussolini sin ideologi. I dei første åra, var det grupper innanfor PNF kalla «Svartskjorter» som bygde ein maktbasis gjennom valdelege åtak på sosialistar og institusjonane deira i den rurale Po-dalen, slik at dei fekk støtte frå godseigarane.

PNF var hovudinstrumentet i forsøket på statskupp 28. oktober 1922, «Marsjen mot Roma». Sjølv om kuppforsøket ikkje gjorde at PNF fekk makta direkte, førte det til ein avtale mellom Mussolini og kong Viktor Emmanuel III som gjorde Mussolini til regjeringssjef i Italia.

Etter å ha endra vallovene drastisk, vann PNF det høgst kontroversielle valet i april 1924. Lover vedtekne i 1928 gjorde PNF til einaste lovlege parti i landet, ein situasjon som varte til 1943.

Partiet vart oppløyst då Mussolini vart arrestert etter kuppet i det Store Fascistiske Rådet 24. juli 1943.Partiet vart så offisielt forbode av Pietro Badoglio si regjering 27. juli same året.

Etter at Nazi-Tyskland fekk Mussolini fri først i september, vart PNF gjenoppliva som Partito Fascista Repubblicano - PFR, Det Republikanske Fascistiske Partiet 13. september, då som det einaste godtekne partiet i Den Italienske Sosiale Republikken (Salo-republikken) under nazivern i Nord-Italia. PFR forsvann med Salo-staten då Mussolini vart avretta av italienske partisanar i april 1945.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. National Fascist Party.