Felixstowe
| Felixstowe | |||
| by | |||
Felixstowe Pier & seafront. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Suffolk | ||
| Distrikt | Suffolk Coastal | ||
| Areal | 17 km² | ||
| Folketal | 24 441 (30. juni 2020) | ||
| Postnummer | IP11 | ||
| Retningsnummer | 0 1394 | ||
![]() Felixstowe 51°57′50″N 1°21′05″E / 51.963888888889°N 1.3513888888889°E | |||
| Wikimedia Commons: Felixstowe | |||
Felixstowe er ein hamneby for Nordsjøtrafikk i Suffolk i England. Byen har den største containerhamna i Storbritannia.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Det har lege ein landsby på staden sidan før normannarane erobra området på 1000-talet. Staden vart etterkvart viktig for forsvaret av England, som i 1667 då nederlandske soldatar gjekk i land og mislukkast i å ta det lokalet martellotårnet.
Så seint som i 1886 vart Felixstowe ei viktig hamn. Turismen auka på same tid, og i 1905 vart piren konstruert. Staden vart eit fasjonabelt feriemål i viktoriansk tid, ikkje minst som følgje av at Felixstowe stasjon og piren vart opna, og at den tyske keisarfamilien vitja staden.
Infrastruktur
[endre | endre wikiteksten]Hamna er den tredje viktigaste i Storbritannia, etter Southampton og Tilbury, med 35% av landet sitt containertrafikk, og den fjerde travleste i Europa etter Rotterdam, Hamburg og Antwerpen. I 2002 vart han òg rangert som den tjuande travleste i verda.
Det er gode vegsamband til Midlands via A14 og til London via A12.
Elva Orwell renn ut i sjøen ved Felixstowe.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Felixstowe» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.
