Ferdinand Hagerup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferdinand Hagerup
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. desember 1795
Giske
Død

20. desember 1856 (60 år)

Yrke lensmann, bonde, politikar

Ferdinand Anton Hagerup (22. desember 179520. desember 1856) var ein norsk lensmann, gardbrukar og politikar frå Giske i dåverande Borgund heradSunnmøre.

Hagerup var son til proprietæren i Borstovgarden på Giske. Etter han hadde vore kontorist hos sorenskrivaren i Sunnmøre, busette han seg i Lånagarden på Giskegjerde og dreiv gardsbruket til han i 1843 fekk lensmannsstillinga i Sund og Vågøy i ytre Romsdal. Frå 1847 også gardbrukar på Nedre Tornes i Fræna.

Hagerup var ordførar i Borgund. Både i 1839 og 1845 møtte han på Stortinget frå Romsdals amt. Han var i 1839 medlem i Protokollkomiteen og i komiteen som såg på «Hjelms lovarbeider». I 1845 var han medlem i Næringskomite nr 1. På valtinget hausten 1856 vart han vald til stortingsmann, men omkom i ei kollsegling utanfor Eidem i Fræna straks føre jul, ein månad før stortinget vart opna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]