Fjørtoftbåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopiar av den vesle- og den store fjørtoftbåten på Sunnmøre Museum. I bakgrunnen Kvalsundskipet

Fjørtoftbåten er den største av to båtar frå eit myrfunn gjort på Fjørtofta i Haram i oktober 1940. Under jorddyrking på bruket Marsteinnes, vart det funne båtrestar. Rasmus Buset ved Sunnmøre Museum tok kontakt med arkeolog Per Fett. Han var då på Sunnmøre og kom til Fjørtofta eit par dagar etter funnet. Han registrerte funnet. Seinare kom meir trematerial til syne, og i juni 1941 gjorde Fett ei endeleg utgraving.

Det vart funne to båtar. Dei stod etter kvarandre i myra. Dei såg ikkje ut til å vere knuste. Den store båten var fylt med stein. Fett tolka det som at båtane var sette i myra, for at dei skulle gro ned,og verte vekk under torva. Han tolka det som eit offer. Tilstanden på trerestane som vart funne var vekslande.

Båtane har seinare vorte rekonstruert av Bernhard Færøyvik. Borda var klinka saman med jarnsaum. Dei var og klinka til banda. Den største båten var 9,86 meter lang. Han hadde seks bordgangar og var bygt av eik. Den minste båten var 5,72 meter lang og laga av furu. Ei noko usikker datering tidfester dei til 860 e.Kr +/- 90 år.

I 1951 vart det bygd fullskalakopi av båe båtane. Dei vart bygd av Sigurd Bjørkedal, og gjevne til Sunnmøre Museum av fiskarar i Haram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]