Rasmus Buset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus Buset
Fødd 1. mai 1891
Død

1. april 1965 (73 år)

Rasmus Kornelius Buset (1. mai 18911. april 1965) var ein norsk lærar og museumsgrunnleggjar frå VartdalSunnmøre.

Buset var son av Johannes Rasmusson Buset (1851-1909) og Elina Berntsdotter Hustad (1857-1930). Han var nummer tre i ein søskenfolkk på sju. Buset tok lærarskuleeksamen i Volda i 1915, og gjekk lærarhøgskulen i 1924. Han var lærar Bjerangen og Kilvik i Helgeland 1915-16, Rovde på Sunnmøre 1916-17, Årsetdalen i Vartdal 1917-19, Vestoppland folkehøgskule 1919-20, Sunnmøre fylkesskule 1920-24 . Buset var lærar i Ålesund frå 1923, og skuleinspektør i perioden 1948-58.

Rasmus Buset var svært sentral i arbeidet med å skipe Sunnmøre Museum, i 1931. For dette arbeidet fekk han kongens fortenestmedalje i gull i 1951. Han var styreformann og leiar for museet 1934-48.

Saman med Olai Bjørlykke gav han ut boka Frå gamal og ny tid på Sunnmøre i 1934.

Han fekk stipend frå Nansenfondet for å skrive ned sogeminne frå Sunnmøre.

Buset var gift med Sigfrid Dahle, fødd 27. juli 1898 i Volda. Dei fekk to søner.

Buset busette seg i Volda etter han vart pensjonist, og døydde der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Edvard Molvær: Føregangsmannen for fortida i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000
  • Norske skulefolk, Red. Karl Bakke. Dreyer forlag, MCMLII, Stavanger 1952.