Fjelkenbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skirenn i Fjelkenbakken, måleri frå 1898 av Gustav Wentzel.

Fjelkenbakken var namnet på tre hoppbakkar som på slutten av 1800-talet vart laga til om vintrane i sørskråningane på garden Skaugums grunn attmed husmannsplassen Øvre Fjelken i Asker kommune. Desse hoppbakkane kan reknast som ein av dei stadene der hoppsporten i Noreg vart til og fekk eit ålment publikum.

Hoppbakkane låg i eit område nedover frå hovudbygningen på garden Skaugum (som no er bustad for kronprinsparet) og mot vår tids Kirkeveien på strekninga mellom kryssa med Semsveien og Vakåsveien. Den største av dei tre hoppbakkane heitte Storfjelken, med tilløp heilt oppe ved gamle Skaugum, og vart sett på som ein av dei brattaste og vanskelegaste bakkane i Oslo-området.

Skiløparen og skisportpioneren Laurentius Urdahl, som i 1889 tok initiativ til å skipe Asker Skiklubb og var formann i den nyskipa klubben i åra 1890-93, budde på Øvre Fjelken. Han fekk til ein klubbmeisterskap i hopp i Storfjelken i 1891. I denne meisterskapen var det ei eiga klasse for kvinner, vunne av Hanna Aars. Prins Carl frå Sverige (som Noreg var i union med), stod for utdelinga av premiar han sjølv hadde sett opp; prinsen hadde vorte æresmedlem i Asker Skiklubb i 1890. Fleire enn tusen tilskodarar skal ha vore til stades på dette rennet. Under klubbrennet året etter, tok tretti hopparar del i konkurransen, og eit par tusen såg på.

I 1893 fekk Urdahl lagt landsrennet for menn til Fjelkenbakken for fyrste gongen. Det fyrste landsrennet i Noreg for kvinner, og truleg òg det fyrste skirennet i heile verda for kvinner, gjekk føre seg i Fjelkenbakken i 1896. Men i denne fyrste tida «låma» kvinnene berre, det vil seie at dei stod ned hoppbakken utanom hoppet. Sjølv med dei små hopplengdene det var tale om i dei dagane, kan ein lett skjøne at kvinnene gjorde best i å «låme» når ein ser kva slags klede dei hadde på seg når dei gjekk på ski, skildra av kunstmålaren Gustav Wentzel (1859-1927) i eit måleri av skirenn i Fjelkenbakken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]