Folgefonntunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folgefonntunnelen
Innslaget i Mauranger
Lengd11 150 meter[1]
Trafikk1 591 (2022)[2]
Opna2001[1]
Kart
Folgefonntunnelen
60°6′32″ N 6°26′32″ E

Folgefonntunnelen er ein vegtunnel som går under Folgefonna frå Eitrheim i Ullensvang kommune til Austrepollen i Kvinnherad kommune. Folgefonntunnelen vart opna av samferdsleminister Terje Moe Gustavsen og den danske kollegaen, trafikkminister Jacob Buksti den 15. juni 2001. Delar av kostnadane med tunnelsen vert betalt med bompengeinnkreving. Folgefonntunnelen er ca. 11,1 kilometer lang. I samband med prosjektet vart det bygd 1,3 km ny veg i Kvinnherad. I Odda vart det bygd 300 meter ny veg, i tillegg til 100 meter lokalveg.

Tunnelen betra sambandet mellom ytre og indre delar av Hordaland fylke. I tillegg opna vegen for ein ny køyreveg mellom Oslo og Bergen. For å vidareføra prosjektet vart det òg bygd ein tunnel mellom Austrepollen og Jondal, den såkalla Jondalstunnelen. Denne opna i september 2012.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nasjonal vegdatabank, Wikidata Q55698494 
  2. «Trafikkdata Fv49 Folgefonntunnelen». Statens vegvesen. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Folgefonntunnelen