Folkets tenar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fjernsynsserien med same namn, sjå Fjernsynsserien Sluha narodu.
Folkets tenar


LandUkraina
GrunnleggjararVolodymyr Zelenskyj
Grunnlagt2. desember 2017
Ideologidirektedemokrati, proeuropeisk, liberalisme, radikal sentrum, populisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrisme, catch-all-parti

Folkets tenar (ukrainsk Слуга народу, Sluha narodu) er eit ukrainsk politisk parti formelt skipa 31. mars 2018.[1] Partiet ber same namn som det satiriske tv-programmet Folkets tener, skapt av produksjonsselskapet Kvartal 95 (Квартал-95).[2][1] Partileiar er advokaten til Kvartal 95 Ivan Bakanov.[2] Då Kvartal 95 skipa partiet, uttalte dei at det var nødvendig for å unngå at andre stal namnet og brukte det til «kyniske politiske formål».[3] Presidentkandidaten til partiet Volodymyr Zelenskyj vann presidentvalet i 2019 og overtok som president i Ukraina 20. mai 2019.

Juridisk er partiet etterfølgjaren til «Partiet for avgjerande endring» (ukrainsk Партія рішучих змін).[4][5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Forlauparen til partiet, «Partiet for avgjerande endring», oppnådde 4 prosents oppslutning på ei meiningsmåling utført av Razumkov-senteret i desember 2017, like under sperregrensa på 5 prosent til ukrainske parlamentsval.[6][7][8] I ei ny meiningsmåling i april 2018 hadde oppslutninga auka til 9 prosent, og i juni 2018 hadde oppslutninga auka til 10,4 prosent.[8][9]

Romjula 2018 kunngjorde partiet at dei einstemmig hadde innstilt komikaren og skodespelaren Volodymyr Zelenskyj som sin kandidat til det ukrainske presidentvalet i 2019.[10][11][12][13] Utover vinteren 2019 auka partiet i oppslutning, og i mars leidde Zelenskyj på fleire meiningsmålingar.[14][15] Zelenskyj vann fyrste runde i presidentvalet, og deretter andre runde 21. april 2019 med over 73 prosent av røystene.[16] Zelenskyj vart dimed ny president i Ukraina og avløyste den sitjande presidenten Petro Porosjenko 20. mai 2019.[17]

Den kommande presidenten erklærte i april 2019 at Folkets tener ikkje ville å gå inn i ei koalisjonsregjering med Porosjenkos solidaritets-blokk, eller med Opposisjonsplattform – For livet.[18] I staden kalla Zelenskyj ut nyval på nasjonalforsamlinga då han tiltredde presidentembetet.[19]

Zelenskyj har òg sagt at han støttar legalisering av medisinsk cannabis, abort, prostitusjon og gambling.[18] Han òg gått imot legalisering av våpen. Elles er det uklart kva politisk ideologi Zelenskyj står for. Han støttar likevel vidare europeisk integrasjon og auka tilnærming til EU og NATO. Eventuelle medlemskap skal likevel avgjerast gjennom folkerøystingar. Han har òg ytra ønske om å reformere det ukrainske rettsvesenet og ein auka kamp mot korrupsjon.[20]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Justisdepartementet registrerte partiet «Folkets tjenere», Ukrainian News Agency (26. april 2018)
  2. 2,0 2,1 Advokat Zelensky har registrert et nytt politisk parti, «Folkets tjener», UNIAN (3. desember 2017)
  3. «Межа жарту. Як Зеленський готується до виборів» (på ukrainsk). Henta 22. april 2019. 
  4. The boundary of a joke. As Zelensky prepares for the election, Ukrayinska Pravda (25. oktober 2018)
  5. Partiet for avgjørende endring har byttet navn til «Folkets tjener», LB.ua (2. desember 2017)
  6. The Council has a chance to go through 7 parties – polls, Ukrayinska Pravda (23. januar 2018)
  7. «Parliament passes law on parliamentary elections». Interfaks Ukraina. Interfaks Ukraina. 17. november 2011. Henta 28. april 2018. 
  8. 8,0 8,1 Elections to the Council: in the leaders of "Motherland", the party Gritsenko and "Servant of the people" Zelensky, BPP went to the bottom - poll, UNIAN (26. april 2018)
  9. In anticipation of presidential elections: the mood of Ukrainians, Social Group RATING (26. juni 2018)
  10. «UkrInform: Zelenskiy says Servant of the People party goes into politics | KyivPost - Ukraine's Global Voice». 26. desember 2018. Henta 22. april 2019. 
  11. «Servant of the People Party nominates Zelensky for president» (på engelsk). Henta 22. april 2019. 
  12. «Зеленський: Партія "Слуга народу" йде в політику» (på ukrainsk). Henta 22. april 2019. 
  13. «Clown show: Stand-up comic enters Ukrainian presidential race… and could win» (på engelsk). Henta 22. april 2019. 
  14. Str, Morten (9. mars 2019). «Når klovnen er løsningen» (på norsk). Henta 22. april 2019. 
  15. Troianovski, Anton (9. mars 2019). «‘Parallel universe’: The front-runner seeking to be Ukraine’s president plays one on TV». The Washington Post. 
  16. «Центральна виборча комісія України - WWW відображення ІАС «Вибори Президента України 2019»». Henta 22. april 2019. 
  17. Source: Central Election Commission
  18. 18,0 18,1 «Владимир Зеленский: Нам выгодно распустить Раду, но будем думать и поступать по закону» (på russisk). Henta 22. april 2019. 
  19. Strand, Morten (20. mai 2019). «Komikeren mener alvor» (på norsk). Henta 26. september 2019. 
  20. Paulsen, Martin (22. april 2019). «Volodymyr Zelenskyj». Store norske leksikon (på norsk). Henta 22. april 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]