Populisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Populisme er ein ideologi som ønskjer å setje sunn fornuft og røynslene til vanlege menneske opp mot den kalde byråkratiske rasjonaliteten til politiske elitar og institusjonar. Omgrepet vert ofte brukt i nedsetjande tyding, men eit velfungerande demokrati vil alltid ha større eller mindre innslag av populisme.[1]

I politisk debatt vert omgrepet populisme bruka anten som eit skjellsord som nærast er synonymt med demagogi og opportunisme, eller ein noko uklår politisk tendens ein har sett i ulike variantar i ein del land dei siste vel hundre åra. Nemninga blir da bruka om folkelege parti og rørsler som med ulike politiske utgangspunkt rettar seg mot ein elite i samfunnet. Populisme kjem av det latinske ordet for folk.

På slutten av 1800-talet oppstod det i USA eit politisk parti som sjølv kalla seg Populist Party, eller People's Party i nokre av delstatane. Dei stod sterkast i jordbruksstatane i vest, og var ein protest mot begge dei to etablerte partia i landet, mot den politiske eliten på austkysten og i dei store byane, og mot storkapitalen og kapitalistiske mellommenn og spekulantar. Det er derfor vanleg å rekne denne bondepopulismen som ei form for venstrepopulisme. Dette partiet stod ei tid så sterkt at det trua Demokratane si stilling som nummer-to-parti i det US-amerikanske systemet, og heldt sjølv på å bli fremste opposisjonspartiet til Republikanarane.

Også dei russiske narodnikane i same tidsperioden må kunne kallast venstrepopulistar. Dei var bondevenner som ville styrte tsarveldet og godseigarveldet og frigjere bøndene. Det sosialist-revolusjonære partiet PSR («dei sosialrevolusjonære») var framhaldet av narodnikane, og kan reknast som eit venstrepopulistisk parti. Ved valet på grunnlovgjevande forsamling i 1917 var PSR største partiet i Russland.

I Latin-Amerika har ein òg sett sterke populistiske rørsler. Som døme kan ein nemne peronistane i Argentina. Juan Peron var ein karismatisk og folkeleg leiar som dominerte argentinsk politikk i fleire tiår i førre hundreåret. Rørsla som blei bygd rundt han kan helst kallast populistisk, og ikkje fascistisk, sjølv om det finst nokre fellestrekk med europeisk fascisme - til dømes persondyrkinga av leiaren. Men peronismen var samtidig også ei verkeleg folkeleg rørsle, jamvel til dels ei arbeidarrørsle, med innslag av anti-kapitalistisk politikk til tider, og brodd mot imperialismen. Så samansett som peronismen var politisk, er det vanskeleg å plassere han som anten høgre- eller venstrepopulistisk.

I Noreg fanst det først på 1970-talet folk i både SV, Senterpartiet og Venstre som kalla seg populistar. Det var folk som var opptekne av økologi attåt sosial utjamning. Bøker av Ottar Brox og Hartvig Sætra inspirerte mange som var skeptiske til sentraliseringa i samfunnet og den teknokratiske eliten i landet. Dette var ein venstrepopulisme som like gjerne og meir presist kunne kallast "grøn sosialisme", ei nemning SV i dag nyttar om politikken sin.

Framstegspartiet er vel det partiet som oftast blir kalla populistisk i Noreg i dag (2005). Da blir det gjerne vist til at partiet lovar store offentlege satsingar og store skatteletter samtidig, altså populisme i tydinga demagogi og opportunisme.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fredrik W. Thue i Dag og Tid, arkivert frå originalen 26. mars 2010, henta 11. juni 2010