Forsvarshistorie i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forsvarshistoria i Gulen går heilt tilbake til då Hæren vart oppretta i 1628, og før det til slaget på Dingenes som det står skrive om i Snorres kongesoger.

Før 1900-talet[endre | endre wikiteksten]

I 978 stod det eit stort sjøslag mellom Håkon Ladejarl og kong Ragnfrød Eiriksson ved Dingeneset. Dette var tidlegare fylkesgrense mellom Hordafylket (Hordaland) og Sygnafylket (Sogn). Då vart det ein veldig kamp der. Håkon jarl hadde mykje større hær, og han vann siger. Dette var på Dingenes, der Sogn og Hordaland møtest. Kong Ragnfrød flykta til skipa, men det fall tre hundre mann av hæren hans. Etter denne striden rømde Ragnfrød ut av Noreg, og Håkon jarl trygga freden i landet. – Snorres kongesoger

Noreg fekk ein hær med ståande styrkar fyrst i 1628, då Christian IV oppretta det nye norske forsvaret, i samband med fleire reformer. Viktige føregåande hendingar var at den norske bondehæren nekta å gå inn i Sverige under Kalmarkrigen, samt trusselen om tysk invasjon av Noreg etter at Christian hadde kjempa mot tyske styrkar i krigen i 1627.

I det høvet vart det oppretta eksersisplass i Brekke, truleg mellom elveosen ved Haugland og Frambrekke. I 1664 vart det bygd offisersbustad på garden Ytre Brekke, og seinare vart eigedomen Lovisendal nytt som bustad. I 1718 vart Bergenhusiske regiment delt, og Brekke, med resten av Gulen blei liggjande under sør-delen, medan resten av fylket låg under Nordre Bergenhusiske Regiment.

Den mest kjende som heldt til på Lovisendal var kanskje oberst Even Kraft, som budde der frå 1727 til 1745. Han hadde delteke som offiser under Elleveårskrigen 1709–1720, og freista seinare å skryta på seg heltestatus gjennom artiklar han sjølv skreiv og gav ut.

Første verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Under fyrste verdskrigen bygde Marinekommando Vestlandet bygde ein signalstasjon ved Eivindvik. I løpet av krigen vart 16 døde britiske soldatar funne drivande i ein livbåt.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Ein fortifisert kommandoplass på Risenes fort. Foto: John Erling Blad.

Under kampane i Noreg hadde norske fly frå Sognefjord flygruppe provisoriske stasjonar i Eivindvik og Sogndal. Det var også nokre norske åtak med fly og handvåpen mot tyske skip, mellom anna ein erobra norsk minesveipar som hadde grunnstøytt.

Folk frå Gulen deltok i Valdres under den tyske invasjonen. Tyske styrkar gjekk opp langs Sperillen og Randsfjorden for så å skulla ta seg gjennom Valdres. Kampane langs Randsfjorden, i Ådalen og Valdres var av dei hardaste i Sør-Noreg. Gulingane blei blant anna involvert i kampen i Gråbeinhølet, seinare ved kampen om Bagnsbergatn gard og også under kampane ved Islandsmoen. I kampane i Gråbeinhølet fall Konrad Byrknes frå Byrknesøy og Edvin Færøy frå Losnegard, og under kampane ved Islandsmoen fall Halvard Trædal frå Ikjefjord.

Gulen hadde ei rolle som utskipingshamn for Englandsfarten under okkupasjonen av Noreg. Fleire nykelpersonar i distriktet var aktive i motstandskampen.

Etter kampen i Sør-Noreg var over, bygde tyskarane forsvarsanlegg i området. Det fyrste store forsvarsanlegget i Sogn og Fjordane var torpedobatteriet ved Rutledal. Dette vart bygd allereie i mai 1940. Vest for torpedobatteriet stod eit kystfort klart i mai 1941. Ei mil vest for torpedoanlegget og festninga i Rutledal vart fortet på Risenes bygd i 1942. Innbyggjarane vart tvangsflytt derifrå.

Fleire stader i Gulen vart minelagde under krigen, t.d. Grimesundet mellom Klokksøy og øya Grima. Fiskarar på veg til fiskefelta vest for Byrknes fekk ein omveg på ein time.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen vart torpedobatteriet brukt av Kystartilleriet fram til 1954. Dei to forta blei nedlagt, og i Rutledal vart kanonane fjerna i 1946. Fortet på Risenes var tungt å riva, og fyrst i 1979 vart dei siste restane av piggtråd fjerna frå omlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia.