Fortuna
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne historieartikkelen som har med kunst og religion å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Freske på eit romersk alter for Fortuna, avbilda med ror og overflodshorn (Arkeologisk museum i Milano).
Fortuna er gudinne for lykke i romersk mytologi, og frå renessansen brukt som allegorisk og grafisk figur som symboliserer hell, lykke, handel og sjøfart.

Renessanse-Fortuna gravert av Albrecht Dürer.
Den antikke framstillinga av Fortuna er ei kvinne kledt i lange gevantar som held eit overflodshorn. Den allegoriske figuren frå renessansen er gjerne ein naken kvinnefigur med den eine foten på ei kule og med eit langt, smalt skipssegl slynga over hovudet. Kule kan nokre gonger ha ei lita vengje på kvar side. Skulpturar med slike framstillingar av Fortuna finst som sjøfartssymbol i Amsterdam, Budapest og Venezia. Slike framstillingar finst også i norske og utanlandske segl og våpenskjold.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Fortuna» frå Wikipedia på bokmål, den 22. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
