Overflodshorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Overflodshorn.

Overflodshorn (bokmål overflødighetshorn) er eit symbol med opphav i gresk mytologi. Det er eit horn som er så overfylt at det spiller ut innhaldet, som typisk er blomar, frukter, andre plantedelar og rikdomssymbol som myntar. Hornet har ofte form som eit stort geitehorn, og er eit symbollykke, grøde, rikdom, eining og overflod.[1]

Romersk framstilling av Abundantia med overflodshorn.

gresk heitte hornet keras Amaltheias (κέρας Ἀμαλθείας), 'hornet til Amaltheia'. På latin heitte det cornu copiae, 'hornet til Copia'. Begge desse var lykkegudinner i høvesvis gresk og romersk gudelære.

Overflodshorn blei brukt som symbol av fleire antikke gudar, som romerske Abundantia, Copia og Concordia og greske Hades. I seinare vestleg biletkunst blei det eit vanleg symbol på overflod. Symbolet er også blitt brukt på delstats- og riksvåpen.

Mytologisk opphav[endre | endre wikiteksten]

Etruskisk framstilling av elveguden Akheloos.

Det finst fleire mytologisk opphavssoger for overflodshornet. Ei av dei best kjende er knytt til Zevs sin fødsel og oppvekst. Han måtte skjulast for den morderiske faren sin, Kronos, og voks opp i ei hole i IdafjelletKreta. Her blei gudebarnet mellom anna oppfostra av geita Amaltheia ('nærande gudinne'), som gav han mjølk. Ved eit uhell braut Zevs av eit av horna hennar i leik. Dette hornet fekk så den underbare eigenskapen at det gav næring utan ende, og blei til eit overflodshorn.[2]

I ei anna soge blei overflodsshornet skap av halvguden Herakles, som slost med den horna elveguden Akheloos og vreid av eit av horna hans.[3] Denne versjonen av soga er avbilda i veggmåleriet Achelous and Hercules av den amerikanske målaren Thomas Hart Benton.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Gresk vase frå 300-talet f.Kr. som viser Pluton og Dionysos med eit overflodshorn.

I antikk tid blei overflodshorn brukt som symbol for fleire gudar, særleg dei som var knytt til grøde og overflod. Dette kunne til dømes vera personleggjeringa av jorda (Gaia eller Terra), barneguden Plutos, som var son av korngudinna Demeter, og nymfa Maia. I romersk mytologi var det knytt til overflodsgudinner som Abundantia, Copia og Concordia. I den romerske keisarkulten var dei knytt til abstrakte guddommar som verna freden (pax Romana) og tilførselen av korn til Roma, symbolisert av gudinna Annona.

Pluton, herskaren over underverda Hades, gav rikdom gjennom jord, mineral og dei gresk-romerske mysteriereligionane, og er ofte avbilda med eit overflodshorn.[4]

Bruk i vestleg kunst[endre | endre wikiteksten]

I seinare vestleg biletkunst blei hornet eit vanleg symbol på overflod. Som mange andre klassiske bilde blei det mykje nytta frå renessansen av. Det kunne nyttast i bildekunst og arkitektur, og i nokre høve også som hagedekorasjonar ein kunne planta i.[1]

Heraldikk[endre | endre wikiteksten]

Symbolet er også blitt brukt på heraldiske våpen og symbol, som dei noverande colombianske, panamanske, peruanske og venezuelanske riksvåpena og det tidlegare kostarikanske. Det blir også nytta i delstatsflagget og seglet til Idaho og delstatsseglet til Nord-Carolina i USA og på delstatsvåpenet til Victoria i Australia. Andre stader som har overflodshornet som symbol er Copiapó i Chile, Kharkiv i Ukraina og Huntingdonshire i England.

Nyare bruk[endre | endre wikiteksten]

I dag er overflodshornet blitt eit symbol knytt til haustfesten thanksgiving i Nord-Amerika. Ofte framstiller ein horn av flettverk eller brød og fyller det med grøde.

«Cornucopia» er namnet på den årlege mat- og vinfestivalen som blir halden i Whistler i Britisk Columbia i Canada.

Markthall i Rotterdam frå 2014 er dekorert av ei 11 000 m2 stort kunstverk av Arno Coenen med namnet Hoorn des Overvloeds ('Overflodshorn').[5] Kunstverket omfattar forstørra frukter, grønsaker, blomar, frø, fiskar og insekt.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Curl, James Stevens; Susan Wilson (2015), «cornucopia», The Oxford Dictionary of Architecture, Oxford University Press, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780199674985.001.0001/acref-9780199674985-e-6421 
  2. David Leeming, The Oxford Companion to World Mythology (Oxford University Press, 2005), p. 13; Robert Parker, Polytheism and Society at Athens (Oxford University Press, 2005), s. 422.
  3. Ovid, Metamorfoser 9.87–88, sitert i J. Rufus Fears, «The Cult of Virtues and Roman Imperial Ideology», Aufstieg und Niedergang der römischen Welt II.17.2 (1981), s. 821.
  4. Kevin Clinton, Myth and Cult: The Iconography of the Eleusinian Mysteries (Stockholm, 1992), s. 105–107.
  5. «Gekibbel in Overvloed - Atelier ACW». atelieracw.tumblr.com. Henta 2015-04-06. 
  6. «In Rotterdam is zojuist het grootste kunstwerk ter wereld geopend | The Creators Project». thecreatorsproject.vice.com. Henta 2015-04-06. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Overflodshorn