Fravasji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Faravahar-symbolet

Ein faravahar eller fravasji [1] er ei nemning brukt i parsismen om den udøyelege sjela eller guddommelege essensen til eit menneske (og i mange kjelder om sjelene til alle levande vesen, også gudar og englar) som opptrer som ein vernande ande. Kvart menneske har sin personlege faravahar, og kan i tillegg be om vern frå faravaharane til forfedrar og gode avdøde. Det best kjende symbolet for parsismen, ein mann med venger, blir i dag som oftast sett på som ei avbilding av ein faravahar.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fravasjiane har vore til sidan Ahura Mazda skapte verda. Dei er reine ander som sjølve vel å bli fødd inn i verda for å slost mot vondskap. Dei kan delast inn i tre grupper: Fravasjiane til dei døde, til dei levande, og til dei som endå ikkje er fødde.

Til forskjell frå dei fleste andre yazataene har ein ikkje funne tilsvarande ander i andre indoiranske religionar. Dei kan ha bakgrunn i tidlegare iransk forfedredyrking. Trua på fravasjiar kan også ha påverka læra om englar i jødedommen og avleidde religionar.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

I parsiske tekstar blir fravasjiane skildra som kvinnelege krigarar som rir saman i store flokkar. Seinare er dei blitt sett i samband med symbol av mannsfigurar over ein ring med venger, eit gammalt egyptisk symbol for solguden. Symbolet blei opphavleg brukt over alteret der kongen bar fram offer, og vier difor truleg til Ahura Mazda sjølv, eller sola. I dag viser likevel symbolet til faravaharar for folk flest, og det er kjend som faravahar-symbolet.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Fravasjiane hjelper Ahura Mazda med skapargjerningen ved å strekka ut himmelen, jorda og den himmelske elva Anahita; dette skjer kvar morgon og ved kvart nye år. Saman med gudane vernar dei også verda mot Angra Mainyu og vondskapen hans.

På same måte som fravasjiane hjelper til med å forma verda, hjelper dei også eit unnfanga foster til å veksa, og gjer fødselen lettare. Ein personleg fravasji går inn i fosteret og rettleier sjela fram til personen døyr, då dreg han tilbake til Ahura Mazda. Dersom sjela (urvan) oppnår frelse vil han sameinast med fravasjien sin der. Til forskjell frå sjela kan ikkje fravasjien leiast inn i vondskap.

Store tal fravasjiar (99 999) vaktar dei sovande heltane Karsasp og Kawi Haosrawa og sæden til Zarathushtra, som skal framskaffa tre søner til kamp mot det vonde.

Tekstar[endre | endre wikiteksten]

Hovudkjelden til informasjon om fravasjiane er «Farvardin yasjt», det trettande hymnet i samlinga Yasjt. Her blir dei skildra som ein hærskare som hjelper Ahura Mazda med å utforma skaparverket. Dette står i kontrast til Gathaene 34.5-34.7, der det blir fortald at Ahura Mazda er den einaste skaparen av alt.

Markering[endre | endre wikiteksten]

Faravavaharane blir dyrka ved høgtida fravardigan mot slutten av det parsiske året, då ein dyrkar forfedrane sine fravasjiar, og nyttårsfeiringa navroz, då ein ofrar mat og nye klede til fravasjiane for å styrka dei til å gjenskapa verda og slost mot kaoskreftene.

Kalender[endre | endre wikiteksten]

I den parsiske kalenderen er fravasjiane knytte til den nittande dagen av kvar månad og den første månaden av året, som begge har namnet farvadin. Den iranske kalenderen frå 1925 har òg farvadin som namnet på den første månaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Avestansk fravaši, mellompersisk fraward, også transkribert som farohar, frawahr, frohar, frawash, frawaksh