Frederik av Danmark (1968)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frederik
Royal Wedding Stockholm 2010 Crown Prince Frederik.jpg
Kronprins Frederik til Danmark (Sverige, 2010)
FøddFrederik André Henrik Christian
1968-05-2626. mai 1968
København i Danmark
TittelKronprins av Danmark
Alle titlarKronprins av Danmark
Greve av Monpezat
Fullt namnFrederik André Henrik Christian
LandDanmark
MorMargrethe II av Danmark
FarHenrik av Danmark
EktefelleMary Donaldson
BarnChristian av Danmark, Isabella av Danmark, Vincent av Danmark, Josephine av Danmark
MedlemDen internasjonale olympiske komitéen

Frederik (fødd 26. mai 1968 i København) er kronprins av Danmark, greve av Monpezat og den eldste son av dronning Margrethe II av Danmark. Om Frederik vert konge i Danmark, vil han verta kong Frederik X av Danmark. Morfaren var kong Frederik IX av Danmark.

Kronprinsen er utdanna ved Universitetet i Aarhus, og har i tillegg ei omfattande militær utdanning. Frederik vart i 1990 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

8. oktober 2003 forlova kronprins Frederik seg med australske Mary Donaldson, som han hadde møtt under sommar-OL 2000 i Sydney. Bryllupet fann stad i Vor Frue Kirke i København 14. mai 2004. Kronprinsparet fekk sitt fyrste barn, prins Christian av Danmark, 15. oktober 2005.

Som etterkomar av Sophia av Hannover har kronprins Frederik òg arverett til den britiske trona, der han er nummer 322.[1]

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Kronprins Frederik til Danmark, greve av Monpezat

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Frederik til Danmark

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]