Hopp til innhald

Kristoffer av Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Christoffer av Bayern)
Kristoffer av Bayern

Konge av Danmark, Sverige og Noreg
RegjeringstidDanmark: 14401448
Sverige: 14411448
Noreg: 14421448
Fullt namnChristopher Wittelsbach
Fødd26. februar 1416
FødestadNeumarkt in der Oberpfalz
Død6. januar 1448
DødsstadHelsingborg
GravstadRoskilde domkyrkje
FøregangarErik av Pommern (Danmark, Noreg)
Karl Knutsson Bonde
(riksforstandar, Sverige)
EtterfølgjarDanmark: Kristian I
Noreg: Karl I
Sverige: Bengt Jønsson Oxenstierna; Nils Jønsson Oxenstierna (riksforstandar)
Gift medDorothea av Brandenburg
DynastiHouse of Palatinate-Neumarkt
FarJohann
MorKatarina av Pommern

Kristoffer av Bayern (26. februar 14166. januar 1448) var ein dansk, norsk og svensk konge. Kristoffer var konge av Danmark 1440–1448 som «Christoffer 3. af Bayern» (Christoffer III). Han var òg konge av Sverige 1441–1448, og konge av Noreg 1442–1448.[1]

Kristoffer av Bayern var son av grev Johan av Pfalz og Catharina, syster til Erik av Pommern. I ungdomen gjorde han teneste hjå den tyske keisaren. I 1437 bad det danske riksrådet Kristoffer om å overta den danske trona, etter at Erik av Pommern hadde trekt seg attende til Gotland. Kristoffer sa ja til tilbodet, og den 9. april 1440 vart han hylla som konge på Viborg Landsting.

Tilhøva i Danmark var særs vanskelege. Både Noreg og Sverige hadde sagt opp unionen. Trass i dette greidde han å verta konge av alle tre kongerika.

Kristoffer døydde av feber på festninga «Kernen» (Kärnan) i Helsingborg den 6. januar 1448. Han vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje. Enkja, Dorothea, vart i oktober 1449 gift med kong Kristian I.

Etter at Kristoffer døydde tilaud det danske riksrådet trona til hertug Adolf VIII, men han peika i staden ut systerson sin, grev Kristian av Oldenburg.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kristoffer av Bayern