Fredløs av Folque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredløs
Studioalbum av Folque
Sjanger Folkrock
Lengd 30 min.
Selskap Mai
Produsent Arvid Esperø
Folque-kronologi
Dans dans Olav Liljekrans
(1978)
Fredløs Landet ditt
(1981)


Fredløs er eit musikkalbum med Folque, gjeve ut i 1980. Albumet vart produsert av Arvid Esperø.

Plata vart spelt inn 1979, og det var ikkje eit lett år for gruppa – som stod på randen av oppløysing. Gitarist Lars Helljesen og bassist Per Vestaby spelte på dette tidspunkt både i Folque og Veslefrikk. Dette var ein vanskelig situasjon og midt i planlegginga av plata slutta Per Vestaby i Folque, medan Lars Helljesen slutta i Veslefrikk.

Dei mest «rocka» låtane på plata, mellom anna «Hjuringstev», vart øvd og spelt inn med Per Vestaby, produsent Arvid Esperø spelar bass på nokre låtar, medan eit par er heilt akustiske, utan bass og trommer.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er tradisjonelle, utanom der anna er nemnt.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Åleina»Arvid Hanssen/Kai Larsen1:10
2.«Hjuringstev»Trad./Morten Bing2:21
3.«Reinlender fra Vingelen» 2:04
4.«Juljeitsån» 3:26
5.«Nøkken» 3:11
6.«Det er ikkje hær æ høre tel»Jan Torbergsen3:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Reinlender & ril» 2:24
8.«Liti Kjersti og alvekongen» 4:44
9.«Tel dæ»Trad./Jenn Mortensen2:20
10.«Veslejenta/Kvernjenta» 3:37
11.«Sidsel og Monas vals» 1:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Studiomusikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Geir Otnes: Trekkspel
  • Helge Korvald: Cornamuse, krummhorn
  • Arvid Esperød : Bass, (produsent)
  • Richard Burgess: Kor